mandag 29. november 2010

NYC!

Onsdag

Vi kom fram til NYC i 12-13-tida, uten noko mat eller drikke i kroppen. Eg var sjølvsagt berre halvt fungerande:P
Gjekk ei stund og leita etter ein burgerplass Pontus snakka om, men havna på ein indisk restaurant i staden. Nam!

Etter at vi hadde funne hostel for vi til Ground Zero. Det var egentlig ganske uinteressant, det såg mest ut som ein bygningsplass, det er jo også det det er no. Men ein fyr stod ved sidan av oss og peikte; "Oh, that's where building four was, that's where we worked!"
Då vart det ekte.

Gjekk vidare til Century 21; enormt kjøpesenter som har rabattprisar på alt mulig av merkekle, vesker, kosmetikk, osv. Gjekk inn i fyrste etasje, tok rulletrappa opp i andre, sveipte blikket over romet, og så fekk Pontus og Eirik (og litt eg) panikk og vi rømte ut! :) Alle tre var slitne etter turen så vi endte på Starbuck. Kaffi of brownies/cookies gjorde underverk :D

Vandra til hamna og såg på Friheitsgudinna. No var det blitt mørkt så vi såg sjølvsagt ikkje så mykje langt uti der, men fint var det likevel. Tok litt bilder og gikk vidare, til Brooklyn Bridge. Gikk ut til midten, tok meir bilde, før vi møtte Sara, Peik, Jenni og Giorgia og åt pizza, gjekk rundt, innom eit par barar og tok eit par øl før vi for kvar til vårt:)

Torsdag - Thanksgiving!
Jenni og Giorgia (som eg budde på hostel med) sto opp tidleg for å sjå på Thanksgivingparaden. Sidan vi ikkje sovna før rundt 03.30 kvelden før visste eg at eg kom til å ødelegge heile dagen ved å stå opp, så eg valgte søvn framfor å kjempe med crowden om å sjå :)
Sto opp utkvilt og glad i ti-tida, tok subwayen til Grand Central station for å henge med Pontus og Eirik medan dei venta på toget - dei skulle til Joe og feire Thanksgiving med familia hans. Sjølvsagt fann eg ikkje dei der, Grand Central station er litt folksom, kan du sei:P Men ca når eg hadde gitt opp fekk eg kontakt med Sara som inviterte meg heim til dei på lunsj! Kom meg dit, der kjæresten hennar, Peik, var i full gang med matlaging. Fantastisk å kjenne lukta av ekte mat! :P Nydelig godt var det og, gler med masse til å få lage mat igjen! :D
Sat der ei stund og prata og gjorde ingenting, før vi vandra oss ut.

Fredagen etter Thanksgiving er Black Friday - årets største shoppedag i USA. Massevis av rabattar og sjølvsagt totalt hysteri. Dette hadde allereie begynt når vi gikk rundt og vima på torsdag, i fire-fem tida på ettermiddagen var det allereie folk i kø foran Best Buy, som åpna fem neste morgon! Galskap.

Vi gikk, shoppa litt, kika på livet, drakk kaffi, kosa oss i regnet:)
Etterkvart var det tid for Thanksgiving-dinner! Møtte Jenni og Giorgia på The Smith. Der åt vi middag, nokre av oss Thanksgiving-special med kalkun! Kjempegodt! Desserten, The Rocket, med espresso-is, espresso-bønner, sjokoladesaus og krem, var fantastisk! :P

Fredag våkna vi i ni-tida, og sjekka ut frå hostelet. Åt frokost, før vi vendte nasa mot Harlem. Jenni ville sjå på kyrkjer og Colombia University. Greit det:P Eg sat stort sett på benkar og kyrkjetrapper medan ho og Giorgia tok bilder:P
På vei til subwayen fann vi ein super liten vintage-butikk! Sidan det var black friday hadde dei sjølvsagt tilbod, men dei hadde ein mykje kjekkare måte enn alle andre! Når eg skulle betale fekk eg trekke eit lodd der det stod kor mange % avslag eg fekk :D Fekk 5% på fyrste og 15% på andre. Sjølvsagt mogeleg at det hadde vore bedre reint økonomisk om det var faste rabattar, men eg syns den måten var mykje bedre likevel xD

Utpå dagen forlot eg Jenni og Giorgia, som skulle heim den dagen, og møtte Pontus som var tilbake i byen og hadde sendt Eirik heim! Sjekka inn på hotellet, awesome!! Skikkelig fint hotell nært alt! Utruleg at det var så billig at vi hadde råd til det:)

Etter ein (endelig) lang varm dusj, gjekk vi ut på leit etter middag! Møtte Stephen som hadde tatt seg ein dagstur, og åt på ein italiensk restaurant rett ved Late Show with David Letterman. Letterman hadde visstnok hatt med seg Madonna hit, og det var jo rett spanande;)

Sendte Stephen avstad på bussen tilbake til Albany, og møtte Sara, Peik og deira kompis Max! Fann ein koselig liten plass der vi drakk vin og åt ost! Namnam:)
Heim til hotellet ganske tidlig..:)

Laurdag
Sto opp, slepte med meg stakkars Pontus rundt omkring for å finne julegaver og suvenirar til kidsa. Var på Century 21 igjen, denne gangen holdt vi vel ut i ca ein time! Fekk med oss ei etasje, så var det meir enn nok:P

Hadde også ein plan om å få med oss Ellis Island, men når vi kom ned til båten var køa eviglang. For dei som hadde billettar. Køa for å kjøpe billettar var enda lengre. Det droppa vi lett! Tok heller turen til...

Chinatown! Det var som å kome til eit anna land! Alle skilt og alt står på kinesisk, og alt er heilt vilt, folk og lyd og og lukter og liv overalt! Og pluselig var det mer rolig og såg europeisk ut. Det var mykje julelys og koselig musikk og fine restaurantar. Då hadde vi kryssa grensa til Little Italy, viste det seg:)
Møtte Sara og Peik i Chinatown. Sidan mine føter holdt på å daude for vi heim til hotellet og slappa av litt, dusja og dolla oss, og møtte dei igjen i Brooklyn!
Her åt vi middag på ein japansk restaurant. Nammenam!
Dessert på Tasti-D-Lite, frozen yoghurt trur eg. Også namnam!
Så tok vi ei øl på ein pub med liveband! Kul plass, men NY er så utruleg slitsam at heile gjengen var trøtte, som vanlig! Så det vart heim tidleg igjen:)

Søndag
Var på hotellet og tok livet med knusande ro til vi måtte sjekke ut kl. 11. Då la vi igjen sekkane, og gikk og åt frokost! Åt på ein overprisa amerikansk diner. Verdt pengane da, mmmgod frokost! :D
Gikk til Central Park med planar om å stå på skøyter. Der var dei i gang med å fikse isen, og det skulle ta ein halvtime, så vi endte med å berre gå tur i parken og nyte sola og livet! Supert:)

Etter det gjekk vi til MoMA (The Museum of Modern Art). Brukte nokre timar der, veldig kjekt å sjå maleri som ein har sett tusen gongar før i kunsthistorie på ekte:D
The Starry Night var spesielt kjekt å sjå, men nesten litt skuffande lite...Les Demoiselles D'Avignon var også eit kjent syn, og overraskande stort! :)

Etter MoMA vart det MacDonalds, då vi ville ha billig, rask mat, og sitte ned med ein gong! Nye sko i NYC = dårlig idè:P Joggesko neste gong:)

Vandra meir, tok ein kaffi når føta vart låke igjen, henta bagasjen og reiste ned og møtte Sara. Åt middag på Thai-restaurant, namnamnaaam!
Så gikk vi til Chinatown, venta på bussen, kom på utan problem, sov litt og makka litt i ein ekstremt varm buss, og back in Albany halv to på natta! Traff akkurat siste bussen og kom oss heim.

Alumni var som før, tusen grader varmt, og nok ein gong var det berre å leite fram vifta og sove halvveis tildekt med eit tynt laken:P Gledar meg litt til kalde vinternetter i Noreg xD

Idag: bibliotek, lunsj, undervisning, bibliotek, undervisning, middag og no er eg tilbake på biblioteket!

Skal forresten ha final project i Women Writers, der eg ville skrive om Dorothy Parker. Professoren min vil ha meg til å skrive "a Parker-esque piece" i staden. Hjelpe meg, eg er då ingen poet! tenkte eg. Men eg har litt lyst å ta utfordringa. Hoho...vi får vel sjå:P

Beklagar eviglangt innlegg:P

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar