:)
Fredag: Undervisninga i kjedelige faget var over tidlig, hurra!
Kasta vekk tid på Facebook på biblioteket i staden, heh:P
For heim, åt middag, venta på at gutta skulle verte ferdig med pølsefestfeiring av Joao..noko som aldri skjedde...rundt 23 var eg lei av å vente på dei, og kom på å sende melding til Rebecca, som eg kjenner sånn halvveis frå ymse festar:P Fekk beskjed om å kome til Barley's, heldigvis rett ved Alumni:) Møtte ho, Jill og Claire der, gikk vidare til WTs..etter kvart kom Pontus også:) Gikk vidare til ein ny (for meg) pub: Sadies. Liten, brun, sportsbar-aktig plass!Kos det:) Dei hadde nokre digre rør med øl, med tappekran nederst, så ein tydeligvis kunne kjøpe og tappe sjøl. Det er jo logisk, mykje betre å drikke øl som må bli varm ganske fort enn å risikere å måtte vente opptil fleire minutt på bartenderen.:P
Laurdag! Sløvedag, tenkte på å studere, gjorde det aldri, gikk ein tur, fann ein awesome vintage-butikk, surra litt rundt, heim og dusja og gjorde meg klar, åt litt, tok bussen til campus, møtte Luis og Austin og to kompisar av Austin, og for i veg til Enslaved/Dimmu Borgir-konsert.
Kjørte til Clifton Park, Saratoga (trur eg), ca ein halvtimes kjøring frå Albany. Sto i ei pittelita kø, før vi fann ut at eg og Luis ikkje burde gå med Austin, sidan vi liksom hadde vunne billettar på radioprogrammet hans..:P Kom fram til døra, og der var ikkje namnet mitt på lista...craap...løysing: jenta skreiv namnet mitt på..hehe:D
Fyrste bandet var OK musikkmessig, mest morsomme xD Navnet var Dawn of Ashes og dei hadde nokre svære zombie-aktige kostymer på seg...jaja. Mot slutten skreik dei "You are the evil ones, sent to destroy the earth!!!" og peikte utover salen. Haha. Luis: "Yeah! I'm gonna stop recycling!!" Goll xD
Neste band, Blood Red Throne, var mykje bedre! Og neste igjen, Enslaved, var awesome:) Heia Norge! :P Heilt til Dimmu Borgir kom på da...not so much...alt for repeterande for min smak! Og utruleg irriterande strobelys-ting..gah.
Men kjekke kveld var det :D
Austin: METAL!! Stine: Kom igjen da dama, det er berre å trykke på knappen!! :P
Innom Mekkern på vei heim, og i seng fær ett! Hæh, på ein laurdag? Tenkte det skulle føre til mykje studering idag, men eg sovna igjen etter fem sider...:P
No MÅ eg!
:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar