Onsdag
Vi kom fram til NYC i 12-13-tida, uten noko mat eller drikke i kroppen. Eg var sjølvsagt berre halvt fungerande:P
Gjekk ei stund og leita etter ein burgerplass Pontus snakka om, men havna på ein indisk restaurant i staden. Nam!
Etter at vi hadde funne hostel for vi til Ground Zero. Det var egentlig ganske uinteressant, det såg mest ut som ein bygningsplass, det er jo også det det er no. Men ein fyr stod ved sidan av oss og peikte; "Oh, that's where building four was, that's where we worked!"
Då vart det ekte.
Gjekk vidare til Century 21; enormt kjøpesenter som har rabattprisar på alt mulig av merkekle, vesker, kosmetikk, osv. Gjekk inn i fyrste etasje, tok rulletrappa opp i andre, sveipte blikket over romet, og så fekk Pontus og Eirik (og litt eg) panikk og vi rømte ut! :) Alle tre var slitne etter turen så vi endte på Starbuck. Kaffi of brownies/cookies gjorde underverk :D
Vandra til hamna og såg på Friheitsgudinna. No var det blitt mørkt så vi såg sjølvsagt ikkje så mykje langt uti der, men fint var det likevel. Tok litt bilder og gikk vidare, til Brooklyn Bridge. Gikk ut til midten, tok meir bilde, før vi møtte Sara, Peik, Jenni og Giorgia og åt pizza, gjekk rundt, innom eit par barar og tok eit par øl før vi for kvar til vårt:)
Torsdag - Thanksgiving!
Jenni og Giorgia (som eg budde på hostel med) sto opp tidleg for å sjå på Thanksgivingparaden. Sidan vi ikkje sovna før rundt 03.30 kvelden før visste eg at eg kom til å ødelegge heile dagen ved å stå opp, så eg valgte søvn framfor å kjempe med crowden om å sjå :)
Sto opp utkvilt og glad i ti-tida, tok subwayen til Grand Central station for å henge med Pontus og Eirik medan dei venta på toget - dei skulle til Joe og feire Thanksgiving med familia hans. Sjølvsagt fann eg ikkje dei der, Grand Central station er litt folksom, kan du sei:P Men ca når eg hadde gitt opp fekk eg kontakt med Sara som inviterte meg heim til dei på lunsj! Kom meg dit, der kjæresten hennar, Peik, var i full gang med matlaging. Fantastisk å kjenne lukta av ekte mat! :P Nydelig godt var det og, gler med masse til å få lage mat igjen! :D
Sat der ei stund og prata og gjorde ingenting, før vi vandra oss ut.
Fredagen etter Thanksgiving er Black Friday - årets største shoppedag i USA. Massevis av rabattar og sjølvsagt totalt hysteri. Dette hadde allereie begynt når vi gikk rundt og vima på torsdag, i fire-fem tida på ettermiddagen var det allereie folk i kø foran Best Buy, som åpna fem neste morgon! Galskap.
Vi gikk, shoppa litt, kika på livet, drakk kaffi, kosa oss i regnet:)
Etterkvart var det tid for Thanksgiving-dinner! Møtte Jenni og Giorgia på The Smith. Der åt vi middag, nokre av oss Thanksgiving-special med kalkun! Kjempegodt! Desserten, The Rocket, med espresso-is, espresso-bønner, sjokoladesaus og krem, var fantastisk! :P
Fredag våkna vi i ni-tida, og sjekka ut frå hostelet. Åt frokost, før vi vendte nasa mot Harlem. Jenni ville sjå på kyrkjer og Colombia University. Greit det:P Eg sat stort sett på benkar og kyrkjetrapper medan ho og Giorgia tok bilder:P
På vei til subwayen fann vi ein super liten vintage-butikk! Sidan det var black friday hadde dei sjølvsagt tilbod, men dei hadde ein mykje kjekkare måte enn alle andre! Når eg skulle betale fekk eg trekke eit lodd der det stod kor mange % avslag eg fekk :D Fekk 5% på fyrste og 15% på andre. Sjølvsagt mogeleg at det hadde vore bedre reint økonomisk om det var faste rabattar, men eg syns den måten var mykje bedre likevel xD
Utpå dagen forlot eg Jenni og Giorgia, som skulle heim den dagen, og møtte Pontus som var tilbake i byen og hadde sendt Eirik heim! Sjekka inn på hotellet, awesome!! Skikkelig fint hotell nært alt! Utruleg at det var så billig at vi hadde råd til det:)
Etter ein (endelig) lang varm dusj, gjekk vi ut på leit etter middag! Møtte Stephen som hadde tatt seg ein dagstur, og åt på ein italiensk restaurant rett ved Late Show with David Letterman. Letterman hadde visstnok hatt med seg Madonna hit, og det var jo rett spanande;)
Sendte Stephen avstad på bussen tilbake til Albany, og møtte Sara, Peik og deira kompis Max! Fann ein koselig liten plass der vi drakk vin og åt ost! Namnam:)
Heim til hotellet ganske tidlig..:)
Laurdag
Sto opp, slepte med meg stakkars Pontus rundt omkring for å finne julegaver og suvenirar til kidsa. Var på Century 21 igjen, denne gangen holdt vi vel ut i ca ein time! Fekk med oss ei etasje, så var det meir enn nok:P
Hadde også ein plan om å få med oss Ellis Island, men når vi kom ned til båten var køa eviglang. For dei som hadde billettar. Køa for å kjøpe billettar var enda lengre. Det droppa vi lett! Tok heller turen til...
Chinatown! Det var som å kome til eit anna land! Alle skilt og alt står på kinesisk, og alt er heilt vilt, folk og lyd og og lukter og liv overalt! Og pluselig var det mer rolig og såg europeisk ut. Det var mykje julelys og koselig musikk og fine restaurantar. Då hadde vi kryssa grensa til Little Italy, viste det seg:)
Møtte Sara og Peik i Chinatown. Sidan mine føter holdt på å daude for vi heim til hotellet og slappa av litt, dusja og dolla oss, og møtte dei igjen i Brooklyn!
Her åt vi middag på ein japansk restaurant. Nammenam!
Dessert på Tasti-D-Lite, frozen yoghurt trur eg. Også namnam!
Så tok vi ei øl på ein pub med liveband! Kul plass, men NY er så utruleg slitsam at heile gjengen var trøtte, som vanlig! Så det vart heim tidleg igjen:)
Søndag
Var på hotellet og tok livet med knusande ro til vi måtte sjekke ut kl. 11. Då la vi igjen sekkane, og gikk og åt frokost! Åt på ein overprisa amerikansk diner. Verdt pengane da, mmmgod frokost! :D
Gikk til Central Park med planar om å stå på skøyter. Der var dei i gang med å fikse isen, og det skulle ta ein halvtime, så vi endte med å berre gå tur i parken og nyte sola og livet! Supert:)
Etter det gjekk vi til MoMA (The Museum of Modern Art). Brukte nokre timar der, veldig kjekt å sjå maleri som ein har sett tusen gongar før i kunsthistorie på ekte:D
The Starry Night var spesielt kjekt å sjå, men nesten litt skuffande lite...Les Demoiselles D'Avignon var også eit kjent syn, og overraskande stort! :)
Etter MoMA vart det MacDonalds, då vi ville ha billig, rask mat, og sitte ned med ein gong! Nye sko i NYC = dårlig idè:P Joggesko neste gong:)
Vandra meir, tok ein kaffi når føta vart låke igjen, henta bagasjen og reiste ned og møtte Sara. Åt middag på Thai-restaurant, namnamnaaam!
Så gikk vi til Chinatown, venta på bussen, kom på utan problem, sov litt og makka litt i ein ekstremt varm buss, og back in Albany halv to på natta! Traff akkurat siste bussen og kom oss heim.
Alumni var som før, tusen grader varmt, og nok ein gong var det berre å leite fram vifta og sove halvveis tildekt med eit tynt laken:P Gledar meg litt til kalde vinternetter i Noreg xD
Idag: bibliotek, lunsj, undervisning, bibliotek, undervisning, middag og no er eg tilbake på biblioteket!
Skal forresten ha final project i Women Writers, der eg ville skrive om Dorothy Parker. Professoren min vil ha meg til å skrive "a Parker-esque piece" i staden. Hjelpe meg, eg er då ingen poet! tenkte eg. Men eg har litt lyst å ta utfordringa. Hoho...vi får vel sjå:P
Beklagar eviglangt innlegg:P
mandag 29. november 2010
Good cab, bad cab
Onsdag morgen sto ej opp tidlig, klar for NYC tur!
Sjølvsagt måtte den begynde med litt drama. Taxisjåførane er ikkje akkurat som nå Worren her for å sei det mildt! Ringte klokka sju for å få taxi til klokka åtte. Adressa mi er Western Ave, men tenkte eg skulle gå bort til Washington Ave for å gjer det enklare for taxisjåføren, enveiskjørte gate og whatnot! Så, slik gikk første "samtale":
Meg: "Hello, I would like a taxi for eight o' clock, at washington/partrige street."
Duffy's Taxi: "I don't take corner calls."
Meg: "Bu.." PIP PIP PIP...
Nehei, skal tru kva det betyr? Prøvar neste nr.

Yellowcab mannen: (SURT) "I don't take corner calls. Call when you get of the bus."
Meg: "But, I'm not on--" PIP PIP PIP PIP
No begynner eg å bli sur, trøtt og sliten uten mat i kroppen, ringer opp igjen til Yellowcab.
Meg: "Yeah, I just called about a taxi, you say you don't take, corner calls. I am not on a corner, I am at home, I live on alumni, I just said that corner because I thought it might be easier for you..."
Yellow cab man: (hyler) "WELL IT'S NOT EASIER!!!! IF I SEND A DRIVER TO A CORNER THEY WILL NOT SHOW UP!!!!"
Meg: "Oh, Ok, Sorry! But I am not there, I can stay here or go wherever, If you could say where i should be...(her skulle eg seie noko som at han kunne gjerne sagt det i forrige samtale så skulle eg nok ha klart å flytta meg, og nevnte atter ein gong at eg ikkje var på hjørnet men heime, men vart avbrutt av:..)
Yellowcabmann: "THERE's NOTHING MORE TO SAY!!!!!!!!!"
Og eg beklagar bruken av altfor monge ropeteikn, eg hatar det, men det er verkeleg einaste måten å nesten klare å beskrive kor høgt han hylte. Hylte som ei hormonell og irrasjonell tenåringsjente.
Så, det neste var tekst til Pontus: "Klarer ikkje bestille taxi, ringt tre gongar og blir berre skjelt ut, eg tek bussen til campus..." eller noe i den dur:P
Som sagt så gjort. Når eg kom opp prøvde eg igjen, denne gangen til Marty's Taxi. Slik gikk det:
Meg:(høflighetsfraser eliminert) "Taxi to SEFCU Arena"
Marty: "Where?"
Meg: "SEFCU Arena"
Marty: "I don't know where that is.."
Meg: "It's the..uhm...arena at UAlbany?"
Marty: "Huh...what? Uhm...wait, are you on UAlbany campus?"
Meg: "Yes"
Marty: "So am I! I'm at state!"
Meg: (fortsatt livredd for å bli skjelt ut igjen. Alt for tidlig morgen for slikt)"Ok, I can walk there! Might take a few minutes, but..."
Marty: "Oh, no no no, dear! I'll come there, you just tell me where it is!"
Forklarte, bla bla, det viste seg at han visste godt kvar det var men kalte det noko anna, og bla bla :) Hyggelige mannen!!
Droppa oss ved asian supermarket, venta i ein halvtime i kulda på bussen, sov litt, Facebooka litt, las litt og tjuvlytta litt på mannen bak sine telefonsamtalar, og vips, framme i New York City!
Neste episode etter eg har fått i meg mat :P

søndag 28. november 2010
tirsdag 23. november 2010
Thanksgiving!
Då har eg tatt ferie! :D
Sidan det er thanksgiving på torsdag har vi fri i morgon, torsdag og fredag! Og helga, sjølvsagt. Kva gjer vi då? New York City sjølvsagt! :D Reiser i morgon tidleg, i kveld blir det ein liten tur på WT's med dei få av oss som er igjen:)
Bussen vi skal ta er superbillig, men vanligvis overfylt, så ein får ikkje ta med seg koffert inn i bussen og det føles veldig utrygt å legge den under. Difor hadde eg tenkt å skaffe meg ein bag som var liten nok til å få med inn. Trur dåkke eg hugsa det? Pff:P Aldri i livet om eg gidd fare til kjøpesenteret no, så no blir det morsomt pakkeprosjekt her! xD Wish me luck:P

lørdag 20. november 2010
Paintball!
Idag var vi altså ut i skauen og spelte paintball! :D
Begynte å sjå litt mørkt på det igår når eg var trøtt etter veka og innsåg at eg måtte opp klokka seks idag..men det var verdt det!
Kom meg egentlig opp utan vidare problem. Kjørte i ein og ein halv time, og ACTION!
Fekk utdelt masker og gevær og delt opp i lag. Fyrste bane var ein "by"; eit lite område med mange kryssfiner-hus. Skikkelig adrenalin-kick! Å ganske låkt når dei traff:P Men det var no ikkje i nærheita ta å ver so låkt so folk skal ha det til xD
Kanskje når dei traff hovudet....to gongar på to sekund...ETTER eg hadde overgitt meg...hehe:P
Paintball skal definitivt spelast igjen!

fredag 19. november 2010
FREDAG!
..og ei stor oppgave som skal skrivast til mandag. Blah:P
Biblioteket er nesten tomt, tydelig at det er fredag ettermiddag.
Her er alltid fullt av folk ellers:P
I går kveld var det vin og monopol hos Jonathan. Endelig brettspel! Sjølv om Jonathan og Argentina laga allianse og hjelpte kvarandre, noko som sjølvsagt ikkje fall i god jord med dårlige taparen meg:P Sikkert lurt for freden at vi bestemte oss for å seie at det var uavgjort og gi oss xD Men morsomt var det :D

onsdag 17. november 2010
Photoshop
Begynte på ei oppgåve som skal inn på fredag i halv ni-tida. Tenkte eg skulle slappe av med litt photoshop fyrst. Lærer aldri at det ikkje er noko som heiter "litt photoshop," og resultatet er ny header til bloggen og to og ein halv time vekk uten å ha gjort noko skulearbeid. Jaja:)
23.17 og eg er fortsatt på biblioteket, klar for essayskriving! Wohoo!

tirsdag 16. november 2010
Mandag tirsdag!
Mandagen gikk med til lekselesing på formiddagen, så kunsthistorie-time, der vi fikk igjen midterm'en (A-, wee!) lang lunsj som vanlig, og meir undervisning!
Hengde på biblioteket og jobba med post til idag fram til kl 23-ish. Nok ein spanande dag på UAlbany;)
I dag vart eg endelig ferdig med post om The House of Mirth. Boka blir kanskje lest ferdig i jula. Men eg tvilar. Etter undervisninga var ferdig for dagen kom eg meg endelig av gårde på leit etter postkontoret! Sjølvsagt regna det ^^,
Sendte av gårde bursdagsgåver til systene, og innsåg etterpå at eg sjølvsagt skulle ha putta noko lite til ungane oppi der også :/ Menmen, dei får vel vente ein månad til:)
Vandra meg tilbake til biblioteket og kasta vekk tid fram til middag. Endte opp med å site i dining hall'en i nærmare to timar:P
Prøvde å "selge" Norge til sør-amerikanarane. Begynte med å google "fjord" og fikk sjølvsagt responsen "Wooow. That's amazing!" Så kom Argentina på bana og leita fram bilder av ganske fantastisk, og faktisk ganske liknande, natur. Prøvde å konkurrere ved å leite fram fleire bilder, snø og greier, men vart utkonkurrert, spesielt når Brasil sine strender kom på bana :P Men så kjem det frå Joe "type in Aurora Borealis." Selvfølgelig... som sagt så gjort, og med sjølvsikkert glis snudde eg laptopen og spurte "Do you have this?!" HAHA! Det hadde dei ikkje nei! Så, sjølvsagt, NORGE VANN! Hihi:) Luis er ganske fortvila over at han må kome når det er kaldt for å få sjå xD Eg fekk litt heimlengsel av heile greia:P Sjølv om oppdagelsen av bilete frå i sommar hadde større heimlengsel-effekt i går...(jada, det blir studert litt på biblioteket innimellom også;))
Etter middag for eg, Sara, Pontus og Joe til Sara for å klippe håret til Joe og sjå film. Valget fall på "12 Angry Men." Skal inrømme at vi alle vart litt skeptiske når vi såg at den var i svart kvitt og berre skulle handle om krangling om ein rettsak i eit rom. Vi tok grundig feil, og eg anbefalar alle som ikkje har sett den enno om å gjer det nuh! :)

søndag 14. november 2010
Punk Rock
Ein ekstremt gira Luis kunne på fredag informere om at han hadde funne ein rockebar i Albany! Om ein likte punk rock, var Valentines plassen å gå, hadde ein kar sagt. Vi tok sjølvsagt turen! Eg, Pontus, Argentina, Jenni, Joao, Luis og Dan vandra oss ned utpå laurdagskvelden, og plutselig forsvann Luis inn ei mørk dør eg aldri hadde lagt merke til ein gong. Betalte cover, og gikk opp trappa. Kom inn i eit lite, mørkt lokale, som var veldig stille. På scena stod ein fyr og spelte ukulele, medan ei jente, som såg ut som ho kjeda seg noko grusomt, stod og plinga på glas eller noko i den duren. Musikken var forsåvidt fin, men ikkje på ein laurdagskveld! Søndag kveld når ein er altfor sliten til å tenke og vil slappe av kanskje...men her var det for stilt. Folk som prata høyrdes like godt som han som song xD Menmen, cover på $7 var betalt, så vi kunne ikkje berre gå... etter ei stund gjekk vi ut og røykte, og på baren ved sidan av virka musikken og livet mykje meir livlig! Kika opp på navnet på baren: Valentines. Jaha. Møtte Argentina og Joao i døra som stod og diskuterte med dørvakta. "I think were supposed to be next dooor..." Eg bekrefta at det var det som var meininga ja:P Men skulle vi gått dit hadde det blitt nytt cover, så vi holdt oss oppe. (Det var visst Valentines det og, berre upstairs..:P)
Etterkvart kom eit nytt band på scena. Det bestod av ein fyr på elgitar og ein trommis. Jaha, tenkte eg..noko som manglar? Men det var det ikkje! Denne fyren var faktisk veldig bra, og endelig vart det laurdags-liv der! :D
Men punkrock var det ikkje. xD

fredag 12. november 2010
Tyste utvekslingsstudentar
Fredagsfaget mitt er kun for utvekslingsstudentar. Det betyr at det er meg, ein franskmann, ein brasilianar og ca 25 asiatar. Dei seier ingenting. Og eg seier vel også minimalt sidan det er kjedelig å diskutere med seg sjøl. Dermed har ho delt oss opp, så no har eg pause i 45 minutt.
Måtte nesten informere om det i staden for å bruke all tida til å studere kan dåkke vel skjøne :D
I går såg forresten eg, Sara og Pontus Fucking Åmål! Morsomt gjensyn ja:)
Funderar på om eg skal ta meg ein tur til NYC i helga. Eventuelt ein dagstur i morgon kanskje. Hadde vore kjekt med noko anna enn Albany, og Thanksgiving er jo heile to veker unna:P Burde nok bli heime og ta igjen litt studering men...
Dessutan: New York Chocolate Show! Er ikkje det ein god grunn for dagstur til NYC so veit ikkje eg xD

torsdag 11. november 2010
Video
Lasta opp videoen frå tirsdag på Youtube, sida den ikkje virka i innlegget..berre for å finne ut etterpå at den virka likevel....Jaja:)
Ferdig!
Rundt klokka to i natt sa hjerna mi takk for seg og eg innsåg at det var håplaus å prøve seg på meir skriving. Klokka sju begynte vekkarklokka. Kroppen blånekta, og klokka åtte klarte eg endelig å drage meg uto senga! Og no, klokka 09.30, er eg ferdig! Himmelsk!!! Berre å kome seg til skulen og printe :D Og fortsette lesinga, bah..:P
onsdag 10. november 2010
Fascisme og Nazisme og sånt
Brukte ein time på å stå opp i dag. Rota meg etterkvart i dusjen og dining-hall'en, og i staden for å ete der smørte eg to bagels og gikk til Sara. Ho fekk ein bagel og eg fekk skikkelig kaffi! ♥
Så no sit vi på stova hennar og studerar/skyper/blogger.
Til i morgon kl 11.45 skal eg vere ferdig med ein 2500 ords bokanmeldelse om boka "Hitler's Germany". Eg har no, etter ca ein time, 500 ord. Skjønt, eg har berre skrive om fascisme, aka kapittel 1, som kanskje ikkje fortener 1/5. Noko som betyr at eg vidare kan skumme enda meir og rote ned enda mindre svada om dei neste 16 kapittela! Hurra!
Generasjonsprosjektet eg masa om for ei stund sida er forresten evaluert. A! :D
Tusen takk til mormor og mamma ♥ :D

tirsdag 9. november 2010
HIBACHI!
Bestilte Hibachi bord, heile gjengen sat rundt eit bord med to steikeplater, der kokkane laga maten til oss :D
Var utrulig artig, spesielt eine kokken laga skikkelig bra show:D
Ny giv
Fikk eit spørsmåk eg kunne sei i alle fall litt om på prøva i dag, yay!
Likevel, ikkje heilt happy..men no er det over!
Etterpå var det å gå til time uten å ha klart å kome gjennom det eg skulle i boka vi held på med, klar til å faile totalt på quizzen. Det fyrste professor Awesome seier når ho kjem inn: "So, I decided against the quiz.." YEEES! Ho sa ho forstår at det er ei tung bok, og at ho har full forståelse for om vi ikkje hadde lest alt! Digga ho meir og meir:D Med ein så forståelsesfull professor vart verda plutselig mykje lysare, og eg føler igjen at alt kjem til å gå bra...skal ikkje så mykje til:)
No skal vi ut og ete middag og feire bursdagen til Argentina :)

mandag 8. november 2010
Ikkje helg i alle fall
Studerte faktisk litt i går. Men altfor lite. Ikkje lett på ein søndag!
Så idag hadde eg 250 sider å lese i eit fag (til i morgon), 15 spørsmål å svare på til ei prøve i morgon (der vi får tre av dei og må svare på eitt), ett essay og eit kapittel å lese til undervisning i dag + svare på tåpelige diskusjonsspørsmål som er totalt irrelevante for faget (litteratur).
Vart ferdig med dei to siste, måtte jo det. Likevel klarte eg å svare feil på første spm på quizen. Men klarte fint dei fire andre så det går nok bra.
Har vel tre av 15 spm til prøva under kontroll, og har berre 190 sider igjen i boka. På torsdag skal eg levere 2500 ord om ei bok eg ikkje har lest.
Når eg liksom skulle ha gjort det veit ikkje eg. Reiste ikkje på utveksling for å bruke kvar ledige time på lesing! Teite teite UiB som seier at 15 credits tilsvarar 30 poeng. Det er MYKJE meir, og eg er den einaste som må ta så mykje, både av utvekslingsstudentar og amerikanarar.
Så, idag har eg vore på biblioteket heile dagen, lettare irritert over folk som sprett rundt og høyres ut som barbiedokker på speed.
Dagens syting overstått.
Back to work.

søndag 7. november 2010
Helga
Torsdag: Wt's og feira Joao som vart 24 år ved midnatt:) Heile gjengen chippa inn med $2, gikk til baren og sa vi skulle ha så mykje øl vi fekk for det. Vart 15 øl det:P Lykkeligaste bursdagsbarnet eg har sett på lenge:

:)
Fredag: Undervisninga i kjedelige faget var over tidlig, hurra!
Kasta vekk tid på Facebook på biblioteket i staden, heh:P
For heim, åt middag, venta på at gutta skulle verte ferdig med pølsefestfeiring av Joao..noko som aldri skjedde...rundt 23 var eg lei av å vente på dei, og kom på å sende melding til Rebecca, som eg kjenner sånn halvveis frå ymse festar:P Fekk beskjed om å kome til Barley's, heldigvis rett ved Alumni:) Møtte ho, Jill og Claire der, gikk vidare til WTs..etter kvart kom Pontus også:) Gikk vidare til ein ny (for meg) pub: Sadies. Liten, brun, sportsbar-aktig plass!Kos det:) Dei hadde nokre digre rør med øl, med tappekran nederst, så ein tydeligvis kunne kjøpe og tappe sjøl. Det er jo logisk, mykje betre å drikke øl som må bli varm ganske fort enn å risikere å måtte vente opptil fleire minutt på bartenderen.:P
Laurdag! Sløvedag, tenkte på å studere, gjorde det aldri, gikk ein tur, fann ein awesome vintage-butikk, surra litt rundt, heim og dusja og gjorde meg klar, åt litt, tok bussen til campus, møtte Luis og Austin og to kompisar av Austin, og for i veg til Enslaved/Dimmu Borgir-konsert.
Kjørte til Clifton Park, Saratoga (trur eg), ca ein halvtimes kjøring frå Albany. Sto i ei pittelita kø, før vi fann ut at eg og Luis ikkje burde gå med Austin, sidan vi liksom hadde vunne billettar på radioprogrammet hans..:P Kom fram til døra, og der var ikkje namnet mitt på lista...craap...løysing: jenta skreiv namnet mitt på..hehe:D
Fyrste bandet var OK musikkmessig, mest morsomme xD Navnet var Dawn of Ashes og dei hadde nokre svære zombie-aktige kostymer på seg...jaja. Mot slutten skreik dei "You are the evil ones, sent to destroy the earth!!!" og peikte utover salen. Haha. Luis: "Yeah! I'm gonna stop recycling!!" Goll xD
Neste band, Blood Red Throne, var mykje bedre! Og neste igjen, Enslaved, var awesome:) Heia Norge! :P Heilt til Dimmu Borgir kom på da...not so much...alt for repeterande for min smak! Og utruleg irriterande strobelys-ting..gah.
Men kjekke kveld var det :D

Austin: METAL!! Stine: Kom igjen da dama, det er berre å trykke på knappen!! :P
Innom Mekkern på vei heim, og i seng fær ett! Hæh, på ein laurdag? Tenkte det skulle føre til mykje studering idag, men eg sovna igjen etter fem sider...:P
No MÅ eg!

torsdag 4. november 2010
Vil på tur!
Site og hører på Sara sine historier, ho var i NYC i helga.
Eg og vil!
Albany, bah! Disse gatene ekje lenger så spennende...(skal tru om det fins ein person som tek kva song eg refererer til? ;P)
Det er fortsatt kjekt her altså, for all del! Men det blir mange timar med studering for tida. Men, men, i kveld skal vi ut og feire bursdagen til Joao! Og i morgon er det snakk om Dave Matthews band, veit ikkje heilt om eg har råd, men har fryktelig lyst. Og laurdag er det Dimmu Borgir/Enslaved konsert...det må vel bli spennande! Nokon meinte eg burde gå i Halloween-kostymet mitt (platinablond/rosa) men det trur ikkje eg at eg tør ;)
No er det lunsj på Dutch! (Som kvar dag. Hmpf. Ok, litt allergisk mot rutine kanskje)

onsdag 3. november 2010
Kinamat til middag?!
Etter å ha tilbringt dagen på biblioteket eller i undervisning frå ca 10 til 19, vendte eg, Sara og Pontus nasa mot 790 Washington Ave. Slengte frå oss sekkane og gjekk til Price Chopper og handla diverse, og når vi kom tilbake var Jonathan og Argentina der og. Kasta oss over kinamat-menyen og bestilte. Alt for lenge sidan sist no! Etter kvart dukka også Luis opp og vi hadde ein koselig middag rundt Sara og Jonathan sitt nye bord;) Trur det er eit teikn på at alle midterms er over, at vi hadde tid å gjere det igjen! Eller, egentlig har vi jo ikkje tid da, men..det er vel heller eit teikn på at Sara sine midterms er over, sidan ho er den einaste av oss som faktisk har displin til å studere når ho må/bør. Vi andre er meir tilbøyelig til å havne på skråplanet med kinamat og kos rett som det er :D Etterpå klipte Sara håret til Luis, og fann ut i prosessen at det kunne være ein god idè å vokse ryggen hans. Ho fekk lov til å ta skuldrane. Hoho! Eg og Pontus sat og kosa oss i sofaen mens stakkars Luis hylte som ein stukken gris. Betre enn TV! Mihihi:)
No er klokka kvart over ett og eg skal sove! Hurra!
Syns forresten at folk der heime og kan begynne å skrive blogg! Eg og vil vite kva som skjer langt der borte! :)
<3

Politi på biblioteket
Sit på biblioteket og studerer med Argentina.
Ser opp og ser ein politimann, litt usikker på om det er "ekte" politi eller campus-politi. Uansett, han står over ein kar som sit i ein stol rett bortanfor oss. (Vi sit i eit stort rom med ein mix av "sofastolar" og kontorstolar m/bord. Han sit i ein sofastol. Ser at han tek fram SUNY-id'en sin, og tenker at "Ok, dei berre sjekkar ID så ikkje-studentar ikkje brukar biblioteket."
Men, så blir han ståande. Leenge. Etterkvart røyser karen seg, usikker på om han ser oppgidd, redd eller forvirra ut. Mens han står der, sjekkar politimannen ned i stolen, som han leitar etter noko. Og så forsvinner dei i lag.
Eg er NYSKJERRIG! Og definitivt ikkje i Noreg lenger:P

Abonner på:
Innlegg (Atom)