onsdag 10. november 2010

Fascisme og Nazisme og sånt

Brukte ein time på å stå opp i dag. Rota meg etterkvart i dusjen og dining-hall'en, og i staden for å ete der smørte eg to bagels og gikk til Sara. Ho fekk ein bagel og eg fekk skikkelig kaffi! ♥
Så no sit vi på stova hennar og studerar/skyper/blogger.
Til i morgon kl 11.45 skal eg vere ferdig med ein 2500 ords bokanmeldelse om boka "Hitler's Germany". Eg har no, etter ca ein time, 500 ord. Skjønt, eg har berre skrive om fascisme, aka kapittel 1, som kanskje ikkje fortener 1/5. Noko som betyr at eg vidare kan skumme enda meir og rote ned enda mindre svada om dei neste 16 kapittela! Hurra!

Generasjonsprosjektet eg masa om for ei stund sida er forresten evaluert. A! :D
Tusen takk til mormor og mamma ♥ :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar