Studerte faktisk litt i går. Men altfor lite. Ikkje lett på ein søndag!
Så idag hadde eg 250 sider å lese i eit fag (til i morgon), 15 spørsmål å svare på til ei prøve i morgon (der vi får tre av dei og må svare på eitt), ett essay og eit kapittel å lese til undervisning i dag + svare på tåpelige diskusjonsspørsmål som er totalt irrelevante for faget (litteratur).
Vart ferdig med dei to siste, måtte jo det. Likevel klarte eg å svare feil på første spm på quizen. Men klarte fint dei fire andre så det går nok bra.
Har vel tre av 15 spm til prøva under kontroll, og har berre 190 sider igjen i boka. På torsdag skal eg levere 2500 ord om ei bok eg ikkje har lest.
Når eg liksom skulle ha gjort det veit ikkje eg. Reiste ikkje på utveksling for å bruke kvar ledige time på lesing! Teite teite UiB som seier at 15 credits tilsvarar 30 poeng. Det er MYKJE meir, og eg er den einaste som må ta så mykje, både av utvekslingsstudentar og amerikanarar.
Så, idag har eg vore på biblioteket heile dagen, lettare irritert over folk som sprett rundt og høyres ut som barbiedokker på speed.
Dagens syting overstått.
Back to work.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar