Etter å ha tilbringt dagen på biblioteket eller i undervisning frå ca 10 til 19, vendte eg, Sara og Pontus nasa mot 790 Washington Ave. Slengte frå oss sekkane og gjekk til Price Chopper og handla diverse, og når vi kom tilbake var Jonathan og Argentina der og. Kasta oss over kinamat-menyen og bestilte. Alt for lenge sidan sist no! Etter kvart dukka også Luis opp og vi hadde ein koselig middag rundt Sara og Jonathan sitt nye bord;) Trur det er eit teikn på at alle midterms er over, at vi hadde tid å gjere det igjen! Eller, egentlig har vi jo ikkje tid da, men..det er vel heller eit teikn på at Sara sine midterms er over, sidan ho er den einaste av oss som faktisk har displin til å studere når ho må/bør. Vi andre er meir tilbøyelig til å havne på skråplanet med kinamat og kos rett som det er :D Etterpå klipte Sara håret til Luis, og fann ut i prosessen at det kunne være ein god idè å vokse ryggen hans. Ho fekk lov til å ta skuldrane. Hoho! Eg og Pontus sat og kosa oss i sofaen mens stakkars Luis hylte som ein stukken gris. Betre enn TV! Mihihi:)
No er klokka kvart over ett og eg skal sove! Hurra!
Syns forresten at folk der heime og kan begynne å skrive blogg! Eg og vil vite kva som skjer langt der borte! :)
<3
Aiai! He prøvd å få Linda til å blogge, men ej fekje det til :p
SvarSlettHer bloggast det for harde livet, men dissa små i nabohuset ekje å sjå nesten:p