Ein ekstremt gira Luis kunne på fredag informere om at han hadde funne ein rockebar i Albany! Om ein likte punk rock, var Valentines plassen å gå, hadde ein kar sagt. Vi tok sjølvsagt turen! Eg, Pontus, Argentina, Jenni, Joao, Luis og Dan vandra oss ned utpå laurdagskvelden, og plutselig forsvann Luis inn ei mørk dør eg aldri hadde lagt merke til ein gong. Betalte cover, og gikk opp trappa. Kom inn i eit lite, mørkt lokale, som var veldig stille. På scena stod ein fyr og spelte ukulele, medan ei jente, som såg ut som ho kjeda seg noko grusomt, stod og plinga på glas eller noko i den duren. Musikken var forsåvidt fin, men ikkje på ein laurdagskveld! Søndag kveld når ein er altfor sliten til å tenke og vil slappe av kanskje...men her var det for stilt. Folk som prata høyrdes like godt som han som song xD Menmen, cover på $7 var betalt, så vi kunne ikkje berre gå... etter ei stund gjekk vi ut og røykte, og på baren ved sidan av virka musikken og livet mykje meir livlig! Kika opp på navnet på baren: Valentines. Jaha. Møtte Argentina og Joao i døra som stod og diskuterte med dørvakta. "I think were supposed to be next dooor..." Eg bekrefta at det var det som var meininga ja:P Men skulle vi gått dit hadde det blitt nytt cover, så vi holdt oss oppe. (Det var visst Valentines det og, berre upstairs..:P)
Etterkvart kom eit nytt band på scena. Det bestod av ein fyr på elgitar og ein trommis. Jaha, tenkte eg..noko som manglar? Men det var det ikkje! Denne fyren var faktisk veldig bra, og endelig vart det laurdags-liv der! :D
Men punkrock var det ikkje. xD
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar