tirsdag 16. november 2010

Mandag tirsdag!

Mandagen gikk med til lekselesing på formiddagen, så kunsthistorie-time, der vi fikk igjen midterm'en (A-, wee!) lang lunsj som vanlig, og meir undervisning!
Hengde på biblioteket og jobba med post til idag fram til kl 23-ish. Nok ein spanande dag på UAlbany;)
I dag vart eg endelig ferdig med post om The House of Mirth. Boka blir kanskje lest ferdig i jula. Men eg tvilar. Etter undervisninga var ferdig for dagen kom eg meg endelig av gårde på leit etter postkontoret! Sjølvsagt regna det ^^,
Sendte av gårde bursdagsgåver til systene, og innsåg etterpå at eg sjølvsagt skulle ha putta noko lite til ungane oppi der også :/ Menmen, dei får vel vente ein månad til:)
Vandra meg tilbake til biblioteket og kasta vekk tid fram til middag. Endte opp med å site i dining hall'en i nærmare to timar:P
Prøvde å "selge" Norge til sør-amerikanarane. Begynte med å google "fjord" og fikk sjølvsagt responsen "Wooow. That's amazing!" Så kom Argentina på bana og leita fram bilder av ganske fantastisk, og faktisk ganske liknande, natur. Prøvde å konkurrere ved å leite fram fleire bilder, snø og greier, men vart utkonkurrert, spesielt når Brasil sine strender kom på bana :P Men så kjem det frå Joe "type in Aurora Borealis." Selvfølgelig... som sagt så gjort, og med sjølvsikkert glis snudde eg laptopen og spurte "Do you have this?!" HAHA! Det hadde dei ikkje nei! Så, sjølvsagt, NORGE VANN! Hihi:) Luis er ganske fortvila over at han må kome når det er kaldt for å få sjå xD Eg fekk litt heimlengsel av heile greia:P Sjølv om oppdagelsen av bilete frå i sommar hadde større heimlengsel-effekt i går...(jada, det blir studert litt på biblioteket innimellom også;))

Etter middag for eg, Sara, Pontus og Joe til Sara for å klippe håret til Joe og sjå film. Valget fall på "12 Angry Men." Skal inrømme at vi alle vart litt skeptiske når vi såg at den var i svart kvitt og berre skulle handle om krangling om ein rettsak i eit rom. Vi tok grundig feil, og eg anbefalar alle som ikkje har sett den enno om å gjer det nuh! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar