I dag er der to veke(r?) igjen til siste dag. Dvs siste deadline. Siste vanlege skuledag, kanskje fem dagar? Seks? Herligalondon.
Presentasjon idag, så er eg ferdig med dette håplause faget i alle fall! Hurra!
I helga blir det oppgåveskriving, som sikkert skulle vore nærmare ferdig for lengst.
I går var det kinamat i 790 Washington Ave med svensken, finnane og kanadiaren! Åt, og sat i sofaen og såg på Youtube-musikkvideoar resten av kvelden, herleg avslappande! Eg sovna, gode sofaen:)
Såg snøv når eg våkna i dag tidlig! Wee! Men det slutta utan at noko vart liggande da. No er det berre sol og fuglekvitter (kråker, men likevel)...3. desember du liksom!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar