Siste prøve i historie unnagjort! Wohoo! Trur faktisk det gjekk bra og, fekk akkurat det spørsmålet eg håpte på, og skreiv til siste minutt! Finfint:)
Gjekk rett til bokhandelen etterpå og selde alle bøkene! Likar det systemet her, dei sel og kjøper brukte bøker, så slepp ein å halde på med annonser og mas og fjas, verken for å selge eller kjøpe.
Etter prøva var det lunsj, lenge, og så siste time i Women Writers - snufs! Prata med ei i klassa om prosjektet mitt, og har ein bedre idè om kva eg skal gjere med det stakkars diktet mitt xD
Sløva ein heil del i biblioteket fram til middag. Gjorde ingenting...Sidan eg har berre tre fag igjen føler eg meg plutselig veldig avslappa! Tenkte til og med at eg kunne bli med ein tur på WT's i kveld..men sjølvsagt har dei fleste andre eksamensangst og fornuft da, så det er ikkje så mange som skal..når eg endelig kan:P Egentlig trur ikkje eg at eg orkar, fortsatt litt snufsete..men åeh:P
No skal eg i alle fall fortsette å gjere skulearbeid, fornuftig! :D
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar