onsdag 15. desember 2010

Rutine

Trur blogginnlegga mine vart ganske kjedelige etterkvart, datt inn i ei rutine
her og gitt! I dag er det same greia: opp, frokost, bibliotek!
I dag har eg siste eksamen, Modern Art om litt under fem timar.
Så er det berre å verte ferdig med dei to oppgåvene som skal inn innan fredag, forhåpentligvis blir dei ferdige i løpet av dagen!
Og då er det berre å pakke, rydde, og henge rundt og forstyrre dei som ikkje er ferdige enno medan eg ventar på laurdag! Eller, fyrst vente på avslutningsfest på fredag! Wooh! :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar