søndag 12. desember 2010

Siste veka!

Siste laurdagen i Albany:
Middag med Ponuts, Joe, Alex, Kathleen, Jacopo og David (og Stephen, Emma, Austin, Paola og Katie på eit anna bord) på Johnny Rockets - femtitalls-stil diner med jummy burgera, fantastisk milkshake, bra musikk og sur servitrise:P
Joe tok av i rolla som fem-åring mellom "momi and daddy" som han kalte meg og Pontus:P

Vidare til kino, "The Tourist" med Angelina Jolie og Johnny Depp. Til tider morsom, ofte forutsigbar, sjeldent spanande, og ofte kjedelig. Heilt OK men ikkje betal for å sjå den;)

Nokre for heim medan eg, David, Jacopo, Katie og Paola gikk til The Standard og tok eit par øl. Altfor høg musikk for vårt sløve humør, den siste laurdagen her vart nok den sløvaste - inkludert den då eg og Sara var sjuke og vi spelte monopol med Pontus og Peik:P For heim etterpå og såg på Grey's Anatomy og spiste potetgull:P

Siste søndag, idag! Sov for lenge, sløva enda litt til, fekk i meg frokost, gjekk til Mary Jane for å selge bøker, og så biblioteket! Og her sit vi, mykje syting over at vi ikkje vil lese og litt lesing innimylla;) Må snart få kontroll på alt eg skal kunne til Kunsthistorieeksamen på onsdag. Kan nok til at eg ikkje blir heilt stressa nok til å gidde:P

Om seks dagar, 21 timar og 18 minutt landar eg på Vigra!(6 dagar, 12 timar og 17 minutt: Gardermoen!) Gler meg nok ein liten smule ja!
(Tihi)
Fyrst: Dusje i ein times tid i superdusjen!
Mat-Ønskeliste: Knekkebrød, majones og trønderfår!
Ønskeliste: Mamma, Trude, Linda, Jenny, Marthe, Ida, Peter og Nadja! (Per-Bjarne og Odd også kan få være med xD) (Og helst Pappa og Trine også men litt realistisk må ein vel ver:))

Kjempelett å fokusere på lesing ja ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar