fredag 10. desember 2010

FedEx og iPod

I går hadde FedEx vore hos Sara og prøvd å levere ein iPod ho har bestilt. Her var ingen heime. Dei sa dei skulle kome igjen idag, men idag hadde ho eksamen, og etter den skal ho til NYC. Og dei kunne sjølvsagt ikkje kome før det. Så her sit eg, aleine i huset til Sara, og ventar på at dei skal dukke opp! Har faktisk fått gjort mykje meir på dei timane eg har vore her enn eg vanligvis får gjort på den tida på biblioteket!
Eller, "faktisk," det er jo egentlig ganske logisk. På biblioteket er det alltid minst ein av oss som er lei av å lese, og når ein endeleg tenkjer at "nei, no er det på tide å studere" så er det ein ny som er lei. Og sånn går no dagan:)
Men no har eg altså vore her i tre timar, og det begynner å bli veldig fristande å legge seg på sofaen litt, eventuelt spele litt Playstation...:P


Sara, Chiara, Paola og David i biblioteket i går. Alle ville vere flinke studentar, eg ville ta bilde!! David var den einaste som klarte å ignorere meg....



Men det fekk vi sjølvsagt fort slutt på :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar