Som dei fleste av dykk sikkert veit brukar Amerikanarar ordet like sjukt mykje. Det er nok den fordomen som har blitt best bekrefta. I går hadde vi diskusjon i timen, der vi sat i to sirklar, der den ytterste skulle berre observere. Eg sat i den ytterste og begynte å telle. På ca ti minutt hadde dei, i det som skulle vere ein akademisk diskusjon om litteratur, brukt ordet ca 140 gongar.
"I think that, like, the author, like, wanted to, like, show that the character, is like, a, like, girl, that like, has like a mother, and, like, a sister..."
Eg overdriv ikkje.
Så, sidan vi alle har plukka opp denne irriterande og idiotiske vanen, har vi funne på ein leik: kvar gong ein av oss brukar ordet like på feil måte, får vi knipse han eller ho i panna. Argentina og Luis var knall raude i panna i går. Haha :D
Men det hjelp allereie, vi er mykje meir observante i forhold til korleis vi snakkar. Hurra for god engelsk! :D
Det var lurt. Kan dere gjøre det på amerikanerene også, please?
SvarSlett(Kommenterte du forresten det høye antallet til klassen?)
Hehe, vi må minne oss sjøl på å ikkje knipse totalt framande..kanskje vi skal berre gjer det:D
SvarSlettNei, eg gjorde ikkje det. Har vurdert det, men har komt fram til at eg gjer nok amerikanarar forbanna ved å kommentere amerikansk idioti. Å få dei eg må diskutere med to gongar i veka til å hate meg kan kanskje bli litt vel ubehagelig. ;)