Sara
Hihi, endelig! OG fortune cookies!! Fortune cookies smakar ikkje godt, men det var grusomt morsomt likevel :D
Litt skuffa når eg fann ut at min mat var det einaste som ikkje var i sånn boks da...og at eg ikkje hadde bestilt det eg trudde xD Men, men, maten var god den! Enda bedre kald seinare på kvelden xD
Mens vi åt såg vi Zack and Miri Make a Porno. Awesoooome:P
Når Jonathan kom heim frå jobb hadde han også med seg Luis og David. Var ei stund der, før vi for ut. Resten av gjengen var på nyåpninga av The Garage, noko som eg sjølvsagt syns hørtes lovande ut:P Men, køa inn dit var evig lang, så det droppa vi fort! Fann etterkvart ut at for å få med oss Jonathan inn måtte vi downtown! Der var vi på Envy, som har ei merkelig ordning for å sleppe inn mindreårige (18+). Rundt baren er det eit område på ca tre meter ut frå baren, der ein må ha 21+ armband for å sleppe inn. Men vi fekk ta med oss øla ut på dansegolvet. Haha. Var ein OK plass, salsa musikk og god stemning! Eg dansa og greier! xD
For heim til Jonathan (og Sara som sov stakkars) etterpå. Sov på sofaen (Argentina sovna, kan ikkje gå heim aleine!), noko som førte til at eg sov vekk halve dagen når eg kom meg heim:P På tide med ein ikkje aktiv laurdagsformiddag anyway:)
Resten av dagen gikk med til studering, chatting med Norge, sløving og klesvask. I 8-tida tenkte eg at det måtte vere på tide å kome seg på pre-gaming (eller vors om du vil) til Ellen. Halv ni kom eg og Argentina oss av gårde, fekk i oss litt mat, og skulle hente Jonathan på jobb. Venta i baren der han jobbar til nærmare ti. Eg var sløv og grinete og vurderte å gå heim og sove. Glad eg ikkje gjorde det! kom oss til slutt til Ellen, der heile gjengen var godt i gang! Etter pre-gaming for vi downtown til The Bayou. Live musikk og stappa fullt dansegolv! Klemte oss inn og dansa så godt det var mulig, kjempegøy! :D
Prøvde oss på nach hos Ellen også, men berre fem av oss dukka opp, og når Austin knalla kom eg og Argentina fram til at kvelden var over og gikk heim xD
I 11-tida i dag fekk eg beskjed om å kome til brunch. Der var alt ekstra fint i dag, med jazz musikk uten dei vanlige irriterande reklameavbrudda som er på radioen. Eg henta meg mat og spurte Argentina kvifor alt var så fint idag. "It's the jazz brunch!" sa han og gjorde meg oppmerksom på bandet som spelte i hjørnet. Ååja. Haha:P
På mandag fekk eg min lenge etterlengta snus, noko Argentina sjølvsagt fann veldig fascinerande:P Må berre vise kor fint han har dekorert den;)
Han er og veldig fascinert av navnet til Marhte, no og då bryt han plutselig ut "MARRRTA" Eg: "No, Marthe" Han: "MERTA!" Eg: "Marthe" Han: "MARTA" Eg: "Ok, whatever." Hehe:) Difor står det Marte på snusboksa;) ("There's an H?! Why?"...I don't know:P)

Og eit par frå parken i går:
May Dee
Washington Park
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar