No sit eg på sofaen til Sara og Jonathan og ser på at Jonathan spelar N64 og ventar på Sara som er i dusjen:) Var her saman med Sara i går kveld, etter ei lang veke med deadlines og midterms var der ikkje energi til noko anna enn sofa! Bestilte kinamat, igjen:P Vi måtte nesten kome opp med ein ny regel, ikkje lov å bestille same rett to gongar, sidan vi et det så ofte;)
Tenkte vi skulle sjå Saw (skikkelig blodig skrekkfilm), men etter to miutt med den filmen kombinert med kinamat fann vi ut at det var ein dårlig idè. Så då vart det The Hangover i staden, morsomme filmen :D Og Saw etterpå...steikje bra film, sjöl om den var ekstremt ekkel:P Brukar Sara sin PC, forresten, så det er derfor ö-en er så rar. Eller svensk om du vil. Sidan filmen var slutt kl 01.30 ville ikkje Sara la meg gå heim åleine, så eg har sove på sofaen. Og takk for det! Våkna av meg sjölv klokka 10, utkvilt og glad! Det skjer ikkje så ofte på Alumni, med bråkete folk i gangen heile natta osv:P
I kveld er det Haunted Hayride; site på ein tilhengar med höy bak ein traktor, gjennom ein spökelseskog med "lots of fun surprises"...pluss Vortex tunnel, Clown Carnevil, Nihtmare manor og Cage haunted maze...einaste eg veit kva er av det er labyrint..blir bra det! :D Sånn Halloween-fun hekje vi i Norge:P
Ein tur på biblioteket fyrst kanskje...:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar