fredag 8. oktober 2010

Galne amerikanarar og sånt

Her om dagen sto eg og Sara og venta på bussen. Bak oss sto ei jente i full gang med å beskrive korleis ho skulle drepe ein person. Ho såg på alle CSI'ane må vite, og visste kva ho skulle gjere og korleis ho skulle sleppe unna. Hjelpes meg, la oss ikkje gjer den dama forbanna sa eg til Sara, glad for at ho forstår norsk. Hadde eg sagt det på engelsk hadde eg sikkert vore dau.
Når vi kom på bussen retta Sara merksemda mi mot ein person bak meg som sat og teikna på doggen på vindauget. Ein person med gevær. Jaha. No shool shootings please! :S

Gikk til Price Chopper, dagligvarebutikken, etterpå og kjøpte taco ingrediensar. Old El Paso! Haha! Gikk heim til Sara og laga taco til Argentina var ferdig på skule. Dæven kor snille vi er. :)

Tirsdag overtalte eg Sara til å skulke for å klippe håret mitt. Etter at vi hadde sete altfor lenge på kaffibaren og snakka om at vi snakkar for mykje i staden for å studere. Når vi kom heim til Sara snakka vi for lenge, og hadde ikkje tid til å klippe hår. For til Alumni, der eg bor, og åt middag med Argentina og Jonathan i staden. Når vi kom heim til S & J kom saksa fram da! Vips, så har eg kort hår! Mihihi:D

Onsdag var eg stort sett asosial heile dagen. Kun middag med Argentina. Har utvikla ein angst for å ete åleine, så Bergen-venar; vær forberedt på mange middagar med meg! xD
Å være aleine ein kveld var ingen dårlig ide, då eg fekk gjort ferdig all lekse, og rydda romet mitt. Fann igjen alt mulig rart:P

No skal eg til parken og ligge på graset i sola og prate sjit med May Dee i staden for å studere. Det er tross alt fredag. :P

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar