søndag 3. oktober 2010

Dagen eg testa amerikansk mekkern! (OK andre gong men likevel)

Fredag var fyrste fredagen her vi ikkje festa, trur eg!
Dvs, eg, Sara og Argentina var flinke og holdt oss inne. Vi hengde hos Sara, nokre studerte mens andre leika med photoshop (gjett kven:P). Leigde film og venta på at Jonathan skulle kome heim frå jobb så han og fekk sjå med oss. Det forstod ikkje han heilt poenget med, og kort tid etter var huset fullt av folk:P Var noko fristande å henge meg på dei vidare på fest, men heldigvis såg eg ut som eit vrak og gadd ikkje ordne meg xD Så vi såg film og bestilte kinamat :)
Bestilte kinamat for fyrste gong ein dag tidlegare i veka, og Sara, Argentina og eg var veldig gira på å ete frå dei små papp boksene dei har på TV :D Ganske skuffa når maten kom i akkurat same boksene vi får junk i i Norge! Men maten var god ;)

Laurdag var vi på tur til Howe Caverns, ei svære grotte:P Ganske stilig :D Var på inianarmuseum etter det. Nesten heile gjengen var fyllesjuke, og vi som ikkje var det var steikje trøtte, så vi var nok ikkje heilt i humør til å lære noko den dagen, og endte opp med å fargelegge i barneavdelinga xD Eg har no ein rosa og lilla indianar på veggen, fargelagt av min kjære son ;)
Etter turen var det rett i dusjen og vidare på Octoberfest downtown! Det var ganske kult, masse telt og bord og øl i ei gate:P Dei har litt rare festivalar her, men øla var god ;) Var der ein times tid før eg og May Dee fann oss ein taxi for å gå på Bullet For My Valentine konsert! Wee! Kom fram til der det skulle vere og syns det var merkelig stille og folketomt! Fann ikkje heilt ut korleis vi skulle kome oss inn så May Dee spurte ei jente som sat der. Det viste seg at konserten var flytta! Til SARATOGA! Herligalondon, takk for informasjonen liksom!! Var noko sure då, men vi for og fann oss mat og joina resten av gjengen på fest hos Joe! Crazy party, sidan mamma og pappa og mormor les dinne bloggen hoppar vi fint vidare til søndag! Hehe ;)

Søndag var det endelig mulig å sove lenge <3 Vakna sjølvsagt tidleg av at roomien hadde TV'n på full guffe med irriterande tegnefilm. Ho sov. GRRR!!!
Snakka med Argentina og fekk beskjed om at eg skulle vere med og sjå dei spele fotballkamp. Greit det, sat på graset og fekk med meg fint lite av kampen:P Dei tapte 6-1 meinar eg på :P

Etter kampen for eg, Argentina, Sara, Jonathan, Luis og Dan til Jonathans restaurant og åt litt, så heim. Avslapping og klesvask, hurra!
Tilbake til S & J etterpå, for å studere! Haha. La igjen boka mi heime eg:P Uansett ikkje så viktig, for eg, Jonathan og Argentina for på butikken og leigde film med ein gong:P Leiger film frå automatar utanfor butikken! For 1 dollar! Awesooome! :D
Såg Repo Men. Den var ganske kjedelig. Å ja, åt mekkern mat fyrst! Smakar omtrent det samme som i Noreg gitt :P
So heim og her er eg no :)

Veit ikkje om det er så mykje å fortelje frå resten av veka egentlig. Mykje det same som vanlig, skule, stresslesing og henging :)

PICTURE TIME!
Teit av meg å laste opp små bilder, men eg gidd ikkje gjer det på nytt:P



Sonen min! :D Klar for tur i den gule skulebussen!!








Trøtte gjengen ;) (Joao, Aimelyne, Federico og Luis)








Ganske fint her!

















Argentina og Luis inne i Howe Caverns :)







Fargelegging ;) (Argentina og May Dee)







Inngangen til campus!








Austin, Greg og May Dee utanfor Howe Caverns...string cheese = yuuuck! (Ikkje smakt men det ser ganske ekkelt ut:P)









Inne i Howe Caverns










...eg har ikkje ord til å forklare dette:P

2 kommentarer:

  1. Du Stine du Stine, du leve det hærlige livet der borte skjøna ej :D
    Video på automat? Noke som kjem til Norge om 50 år? Åso so billig da, crazy!
    I helga he det vore 10 krone for filma på mix, og folk he hamstra... Blir nesten litt gale :p

    SvarSlett
  2. Hehe, ja ej storkosa mej fortsatt ej! :D
    Såg ditta der på bloggen din ja :P Kjipt å betale 50 kr (eller e det meir?) for en film å finne ut at den suge :P

    SvarSlett