Ser det er ei stund sidan eg oppdaterte her.
Onsdag hadde eg siste midtermen! Trur det gjekk ganske bra..
Fekk igjen to midterms i løpet av veka også, egentlig ikkje så bra resultat, men det var i alle fall ståkarakter på begge:) Og ein C+ på ei historieprøve, som er ein grusomt dårlig karakter her, men med tanke på at eg ikkje skjønar kva professoren seier og berre har skumma litt av litteraturen er eg ganske fornøgd xD
Torsdag var det kostymehandel! Fullt av folk, sjølvsagt, og var ekstremt trøtt og lei etterkvart! Men kostyme vart det :D
Torsdag kveld vart det sjølvsagt ein tur innom WT's, super kveld! Argentina lurte i meg ein "Car bomb"; Halv halvliter med Guinnes, slepp eit shotteglas med Baileys og Whiskey, og styrt...:P Overraskande fin form på fredag!
Fredag var eg stuck i undervisning i tidenes kjedeligaste fag. Som egentlig er eit interessant fag, men blir kjedelig fordi ingen seier nokon ting og professoren aldri gir opp å prøve, så det blir ein del ubehagelig stillheit xD Dette er dei same folka som konstant spør korleis eg vart så god i engelsk. Ved å snakke det kanskje?! :P
Anyway, min venn i dette faget skulka for å gå på Brew and Boo. Open bra med femti typar øl. Surt? Mhm! Strengt tatt var det vel like greit, for det er altfor tidlig å begynne klokka 4 anyway:D
Brukte lang tid på kostymet mitt; Stepford Wife! Om du ikkje skjønar er det på tide å sjå filmen ;)
Langt blondt hår, falske auevipper, rosa skjørt og topp, kvit cardigan og forkle :D
Gikk for å joine Pontus, May Dee, Joe og Joao som kom frå Brew and Boo. Møtte fyrst May Dee: "You look fucking weird!" Og så Pontus: "You look weird." Jaha:P
"I look weird? I thought I looked cute" sa eg, Pontus: "You do. That's the weird part." Så koselig xD
Endte opp med å vandre ein god del og leite etter festar, var fullt liv og stormande jubel over alt, men den eine festen vi var på gikk tom for øl med ein gong. Vi klarte sjølvsagt ikkje å bli einige om kvar vi skulle gå, så nokre av oss endte på WT's igjen:) Kjekke kveld! Og ALLE hadde kostymer! ALLE overalt!!! I LOVE IT <3
I går var det ut igjen, i kostyme sjølvsagt! Ignorerte "dry clean only" lappen på skjørtet mitt og vaska det, bytta ut cardigan med ein lilla topp, satte på ei krone/tiara og kjøpte ein rosa tryllestav lignande ting. VIPS prinsesse!
Tenkte eg skulle ver noko som var veldig lite meg for en gangs skyld:P
Men fann ut ganske tidlig at eg likna på Princess Peach fra Super Mario, så det vart visst litt geeky likevel xD
Var hos Aimelyne heile kvelden, beer pong og ellers det vanlige, veldig gøy:D Og fortsatt: ALLE i kostyme!! Hihi;)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar