søndag 17. oktober 2010

Dagen før veka med alt for mange midterms

Søndag igjen, enda ei heidundrandes helg over! :P
In the happyland syng Amanda Jenssen i øyra mi, passar bra! :)
Igår var det pregaming hos Ellen, der eg og Stephen knuste Viktoria og Pontus i beerpong, woohoo! Eller, som det vart i løpet av våre opp-psykande team-talks, Norge og Storbritannia knuste Tyskland og Sverige xD

Bussturen til downtown var den kulaste bussturen EVER! Bussen var full av andre livsnytande studentar, og når vi sto i kø utanfor nynna heile bussen begynnelsen på Seven Nation Army! Vi joina inn, og bussen rista bokstavelig talt! Heile veien til sentrum var det synging av full hals av Kiss, Queen, Alicia Keys (Empire state of mind of course! :D)..."En bussjåfør"-songen kan gå og legge seg :P Det heile vart avslutta med UA! U KNOW! chanting, kampropet til UAlbany :D
Supergod stemning som ikkje ein gong teite amerikanarar i køa til The Bayou kunne ødelegge.... dei slit litt med å godta våre utanlandske ID'ar..(ikkje min forsåvidt - heia Norge!) så det tek litt tid...og ein tosk bak meg sa "We don't have time for your fake ID's!" Idiot. Anyhoo!
The Bayou - live musikk og masse folk - kjempekjekt! :D

No bør eg kanskje få inn litt studering, midterm i American Literary Traditions på onsdag, og i American Contemporary Culture på fredag...trur egentlig eg har ganske god kontroll da...Og levering av Seven generations prosjekt som kjære mormor har hjulpe meg med på torsdag..og eg har fortsatt ikkje bestemt meg for korleis eg skal presentere det:P Ordne sææ;)

2 kommentarer:

  1. eg hadde vært så frista til å sei masse sinte ting på norsk når folk er idiota!:P Har du gjort det? :D

    SvarSlett
  2. Hehe, tja, brukar å gjer det til Argentina, men han seier berre "as long as it's with love"..så han tar det ikkje så tungt:P
    Men brukar vel av og til å mumle ting som "er det mulig å ver så forbanna tett i haude" osv...;)

    SvarSlett