Haunted hayride i går var ganske artig. Sat på ein flat tilhengar, så folk sat på kanten med beina utføre. Eg var for treg og havna i midten, noko som gjorde at det skumle vesena vi møtte på ikkje kom i nærheita av meg, og dermed var det ikkje slett så skummelt. Men det var grusomt morsomt å sjå på dei som sat ytterst! Spesielt eit par-tre hylande og, trur eg, oppriktig skremte jenter. Vidare var det eit par spøkelseshus og ein labyrint som var ganske creepy men ikkje veldig skummelt. Det skumlaste var ein gang som var heilt totalt bekmørk. Såg absoultt ingenting. Eg holdt fast i May Dee som gikk foran meg, men lurte heile tida på om det faktisk var han eller om eg kom til å sjå ein død-sminka person når vi kom fram i lyset:P
Når vi kom tilbake til campus sat eg på med Austin frå campus til Joe. Det enklaste hadde absolutt vore å ta bussen, sidan parkeringsplassar er nærmast ikkje-eksisterande i Albany etter klokka ni på kvelden. Men vi fann då ein til slutt, fann ein butikk og kjøpte øl, og gikk på vors hos Joe! Koselig det, som alltid!
Gikk etterkvart ut og til The Bayou. Dvs. sto i kø til The Bayou. Lenge. Og ga opp, gjekk og åt pizza, litt ikkje-alle-er-gamle-nok-drama, vurderte å gå til The Bayou aleine, men var usikker på om dei kom til å sleppe meg inn sjølv om køa var vekk. Så, tok taxi til Alumni med May Dee og Katie, Katie gjekk heim og eg og May Dee gjekk til Professor Barley's, ein pub i nabolaget. Drakk ei øl og prata, kjekt det til ei forandring! Var for trøtt til crowded Bayou uansett.
Etter ei øl gjekk eg på do og han skulle kjøpe øl. Kom ut igjen og det var pluselig ganske tomt for folk. "They stopped serving.." seier May Dee. "Yeah, I see that." seier eg. "Really? I had to ask..." svarar han. Ok, på tide å gi seg for kvelden xD
Gikk på french fries-jakt, sidan han ville ha det. Trur vi endte opp på den einaste plassen i USA som ikkje har det. Whatever:P Fekk i han mat og sendte ein sjanglande May Dee ned den skumlaste gata i Albany. Følte meg som verdens dårligaste venn, men han insisterte på at det gjekk fint. Og det gjorde det jo.
Vima meg til biblioteket i fem-tida. No er den snart sju, og eg har fortsatt ikkje studert noko anna enn Facebook og bloggen til Sara. Så, det skal eg gjere no. Hejdå!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar