torsdag 2. september 2010

Dagen eg var frustrert og trøtt men likevel sa "I love this place" minst fem gongar

Ok, oppdateringane blir sjeldnare og sjeldnare rett og slett fordi eg aldri sit ved PC-en! Siste var på mandag, så då har det vel skjedd en heil del sidan den :)
Skulen er i full gong, og allereie idag måtte eg svare blankt på ei prøve sidan eg ikkje hadde lest alt eg skulle lese. Så, frå no av, les ALT som skal lesast før ein time! Noko som er bra, eg har allereie lært masse:)
Faga eg har hatt og bestemt meg for å behalde er The World at War (om andre verdenskrig), Modern Art (kunsthistorie ja :), American Literary Traditions (LOVE IT), Women Writers og forhåpentligvis skal eg ha Contemporary American Culture også, må spør professoren om tillatelse i morgon! Ellers blir det 19th century american literature, og det er jo eit ok fag, men er ikkje så gira på det, sidan det virkar som det er mykje det same som American literary traditions, pluss at eg ikkje likar professoren noko særlig der:P

Tirsdag var vi ute igjen, det vil sei vi prøvde å gå ut, men sidan vi er så mange og alltid ventar på folk, var det stappfullt overalt når vi endelig var på veg. Og sidan det er så varmt at svetten renn også klokka elleve på kvelden, orka vi ikkje trenge heile gjengen inn på ein allereie stappa pub! Så, nokre av gutane gjekk på butikken og handla øl (jepp, klokka 23! Awesooome!)og så sat vi på altanen til Sara og Jonathan og kosa oss. Det var som vanlig kjempekjekt, og kvifor vi ikkje berre gjorde det frå fyrste stund veit ikkje eg. Vi kjem garantert ikkje til å lære til neste gang:P
Onsdag, var vel i går? Dagane går i surr:P Jo, vi har tenkt oss på tur! Eller hadde, eg veit ikkje kva som skjer. Vi har prøvd å planlegge, så i går kveld satte eg og Argentina (jada han har eit navn;)) oss ned og planla TO turar så vi kunne stemme over kva for ein vi ville på. Vi endte opp med to dagar i Boston etterfulgt av to dagar i New York, alle var fornøgde. I fem minutt. Så vart det endra igjen. Masse fram og tilbake. Før vi gjekk kvar til vårt i kveld var planen at nokre, dei fleste jentene, reiser til New York, eg og gutta reiser til Boston og et par til California. MAO, alle gjer det dei vil! PERFEKT! Skulle ein tru. Men neeeida! På vei heim kom Argentina, babyen i godtebutikken, på ein ny plan. ÅEH! Ok, nok babbel om det til folk som sikkert ikkje er slett like interessert som meg ;) Eg skal seie frå kvar eg reiser ;)

Ellers kjem eg faktisk ikkje på kva vi gjorde i går...er SÅ utslitt! Trur eg sov fem timar i natt, maks! Vore på campus i heile dag, frå 8.45 til fire, så på kjøpesenteret, og kjøpte meg litt fleire etterlengta sommarkle! Lurer på kvar dei fine sommarkjolane eg kjøpte i sommar er, dei er veffal ikkje her:P
Så møtte vi resten av gjengen til middag som vanlig, og så meir turplanlegging. Eg, Paola, Giulia, Luis, Jonathan, David og Katie ditcha planlegginga og gikk og vassa i fontena! (Som eg skal prøve å legge til eit bilde av. Om det ikkje er her har eg glømt det;)) Ja, altså, vasse var planen! Jonathan og Luis henta volleyball, så då vart skjørtet ganske vått, greit det, hadde med dei nye kleda! Men etterkvart klarte vi ikkje motstå fristelsen til å gå inn i midten. Der vart det sjølvsagt litt vannkrig og sånt, og inni der er det som ein dusj. Og eg fekk den glimrande planen om at eg og Katie skulle legge David i bakken. Haha. Han tok begge uten problem. Så eg var heilt under og SØKK våt. Heilt fantastisk campus spør du meg!! Og absolutt verdt at eg måtte kle tørre kle på ein klissvåt kropp :D





Fontena i bakgrunnen ;)




No orkar eg ikkje meir, som sagt er eg utslitt, på ein god måte:) Eg har det fortsatt fantastisk, og varmt! :)

Kjærleik <3

PS. Kryss fingrane for at eg får viljen min og reiser til Boston neste helg!! ;)

4 kommentarer:

  1. Faga ser dritbra ut!
    -A

    SvarSlett
  2. Dei er det! Men, kven er du? :P

    SvarSlett
  3. Spennande å lese bloggen din. Ser etter oppdateringa kvar dag! Kjekt at du har det kjekt!!!

    SvarSlett
  4. Beklager, jeg var lat, A for Anlaug.

    SvarSlett