Siste oppdatering onsdag ja, eg blir berre verre og verre på dinne blogginga :)
Onsdag føles som hundre år sidan... vart vel lesing den dagen ja, hugsar ikkje kva vi gjorde etter det da! Sikkert middag med gjengen på campus som vanlig? :P
Må begynne å gjer dette kvar dag trur eg :)
Eg er stort sett på campus frå morgen til kveld, skule og lesing til sju, så middag med gjengen :)
På torsdag bestemte eg, Sara, Jonathan og Argentina oss for å lage middag. Fisk er ikkje eit alternativ i dining hall'en so då vart det sjølvsagt det! Laks til dei andre, og kvit fisk til bortskjemde meg, hihi! Eg innsåg ikkje at Jonathan, kokken vår, hadde kjøpt ein spesiell type fisk til meg før han var i full gang med å lage den da....snildingen :)
Det smakte nydelig, og akkurat i det vi var ferdige begynte resten av gjengen å ramle inn! Plutselig var det fest igjen :P
Det var veldig gøy, og skule på fredag var veldig hardt! Fyrst lekser, så undervisning...men det var ein veldig enkel time, og takka vere ein eller annan helligdag var vi ferdige 14.35, awesooome:)
Møtte folk ved lisjefontena og endte opp med å fare til kjøpesenteret med Luis, David, May Dee og Jose. Brukte sjølvsagt evigheiter der:P Men fikk meg steikje gode joggesko! Hurra! :)
Heim, slappe av litt (!) på med sminke og partykle, og på fest. Husfest der ein betalar $5 og drikk all den øla ein vil. Greit konsept, men ein kompis av oss vart etterkvart kasta ut fordi han hadde med si eiga øl og difor ikkje ville betale for vatn-øl, seff:P Heile vår gjeng gikk heller heim til han, festa vidare og dansa og kosa oss utan tanke på at omtrent heile gjengen skulle opp grytidlig neste dag for diverse utflukter xD
Laurdag morgen vart eg vekt klokka 7 av Sara som ringte for å sei at ho var sjuk og ikkje kunne bli med. Etter tre timar med søvn vurderte eg sterkt å droppe epleplukking og turgåing sjølv:P Men kom meg ut av senga og opp på campus. Var stygt redd for at dei andre eg kjenner skulle ver utslått og ikkje dukke opp, så gleda var stor når eg såg Aimelyne, Melissa og Greg der! Med solbriller og hengande haldningar, hahaa:P
Epleplukking var ganske kult, gode epler, osv:P Var fortsatt halvdaude då:)
Etter epleplukking var det tid for tur! Kjørte lenger opp i fjellet og fulgte ein indianarsti, som dei brukte for å reise ned til Hudson river og bytte (trade?!) med andre...eller noko i den dur:P Trur eg halvveis kobla ut Austin når han snakka om dette:P Anyways, utsikta var fantastisk, stien var kjempeflott, naturen fantastisk, osv! Eg er SÅ sur på meg sjølv for at eg la igjen batteriet til kameraet mitt hos Sara!! :(
Etter turen hadde eg tenkt å sove ein time før eg skulle studere. Hehe. Det vart fire timar lenge etterlengta søvn xD
Så studeringa må eg ta igjen i dag, for når eg vakna var det rett i dusjen:) Luis ringte og ba meg møte dei hos Jonathan. Når eg kom dit var ikkje dei der enda, men det var heldigvis Sara:) Fekk rødvin med ho og oppdaterte kvarandre på siste sladder ;P Så kom Luis, Jonathan og Jillian, satte på musikk, og kosa oss på porch'en deira, spelte litt poker etterkvart, heim og sov! Digg med ein kveld utan crazyparty for ein gongs skyld:P
Idag var det frokost med Argentina klokka 10.30, så prata eg med pappa på Skype, og no er det visst ett minutt til eg skal møte Argentina igjen for å gå og ta bilder. Og eg har ikkje fått på meg kle enda. Ops.
Snakkaaast :)
Hihi kor du kosa dej! Kjempekjekt å lese bloggen din <3 det høres fantastisk ut å vere der. Må huske å sove litt innimellom og då ;)bra dei teke vare på dej og laga den fisken du lika :D godis!
SvarSlettKJEMPEGLADE i dej.
Gode klem <3