Slitsom veke, mykje lekse og lesing! Dagane mandag til torsdag flyt saman i ei stor suppe av kunst, litteratur og historie:P Hadde prøve i historie på torsdag...HAHA! Trur ikkje det gjekk særlig bra:P Må finne tid til å lese det faget ja, sidan professoren er ein gammal mann med verdens mest monotone stemme, så alle dett ut etter ti minutt:P
Menmen, ordne sæææ!
Onsdag var det fiskemiddag hos Sara og Jonathan! Fisk som faren til J hadde fiska, blue fish kalte han det, anar ikkje heilt kva det er, verken eg eller Sara var i stand til å identifisere eit svensk eller norsk navn:P Men nydelig godt var det i alle fall! Koselig med stearinlys og god middag på porch'en ein septemberkveld:D Ja, eg må berre gni det inn at det fortsatt er supervarmt her! T-skjorte er for varmt varmt! I love it :D
Torsdag var vi på kino og såg Machete! Hahaha, awesooome film! :D Syns eg, og to til, dei to andre hata den.. Som Argentina sa "The guys loved it, the girls hated it." Hm. Så likt delt gut/jente i elska/hata som mulig trur eg, men OK! xD
Etter filmen vart det ein tur på WT's, der fann vi sjølvsagt også resten av gjengen;)
Fredag, hadde eg aleine-tid! Tehe..vaska kle, rydda rom (er allereie rotete igjen), las, osv! Åt tilogmed middag åleine, det trur eg var fyrste gong sidan eg kom hit. Likar ikkje! Etter middag kom Argentina og plukka meg opp, kjørte meg til Sara (naboen, kan ikkje gå åleine! Haha) og venta på at folk skulle dukke opp.
Vart etterkvart masse folk, beer pong og såntfornåke! :)
Eg og min awesome partner Ellen, vann to gongar på rad! Oh yeah! Tapte tredje heldigvis, tre runder med Beer Pong på rappen er nok :P
Sara sin amerkanske nabo og franske May Dee prata om vin, noko som førte til at Rob gikk opp og henta vin frå Napa Valley for å bevise at dei også kan lage god vin:P Bra for mej! Vinen var veldig god :D Litt lei av billig vann-øl ja :P
Laurdag var planen å begynne hos Joe. Det eg ikkje hadde fått med meg var at vors'et skulle starte klokka 11...AM! No way! Så det fekk ikkje eg med meg, men ein del av dei begynte visst då, crazies:P
Grunnen til den tidlige starten var Larkfest: festival i Lark Street med boder, band og øl! Flott det! Men alle var ganske slitne så det vart heller daft:P Tok turen til Ellen, så til Joe og etterkvart til Aimelyne! Sliten idag ja:P
No skal eg møte Argentina og ete middag, så hadeee! :)
<3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar