lørdag 4. september 2010

Dagen derpå?

Litt dagen derpå idag:P Var ein uvanlig dag i går, var på internatet til langt på dag og vaska kle osv. Diggar laundry room; bruke tre maskiner på ein gong og vips så er alle kle reine på ein gong! Awesooome:)
For til skulen i 12 tida, og hengde med Sara til eg hadde undervisning 13.40! Contemporary American Culture. Det var meg, May Dee frå Frankrike (det er eit gutenavn, haaha) og 26 asiatar...haha:P Veit ikkje med dei andre, men vi to tenkte "Ok, exchange students only, easy grade!" Eg har ikkje fått tillatelse enno da men. Etter det for eg med May Dee og Thibault til kjøpesenteret, der eg møtte Sara igjen! Klokka åtte på kvelden hadde eg fortsatt berre snakka med dei tre, har vore so sosial her at det var skikkelig merkelig xD
Etter litt kvile og sminking, for eg og Luis til Sara for å hente henne, før vi skulle møte resten av gjengen på eit anna vors. Det endte med at Chiara, Jenni og Giorgia også kom til Sara, pluss hennar amerikanske roomies og naboar, og vi var der til vi gikk ut :) Jammen på tide å henge med amerikanarar! :)
Vidare skulle vi på ein klubb, men der var evig lang kø, så vi gikk på puben over gata, den var ganske bra, bortsett frå at det var litt vel techno musikk på dansegolvet for min smak...men er vel på tide å lære seg å leve med det ;)
Ein morsom kveld som vanlig! Når vi kom til Alumni (der eg bor) overtalte eg Argentina om at vi måtte følge Melissa heim, for det er ikkje akkurat lurt å gå aleine her. Flaks for ho at vi ikkje visste at det tok 30 min å gå:P Taxi heim? JEPP!

Telefonen min, og alle som har same sorten, har slutta å virke...dvs, vi kan ringe men ikkje sende sms, og eg hatar å prate i telefonen, blah! :P Så no må eg finne kvitteringa og ta turen til Radio Shack og spør kva som skjer :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar