tirsdag 7. september 2010

Dagen eg oppdaga at eg ikkje har oppdatert på lenge! :)

Eg var sikker på eg hadde oppdatert bloggen min nettopp, men tok visst feil ser eg:)
Eg er altfor trøtt akkurat no så det blir ei kjapp oppdatering:)
Akkurat no sit eg i senga mi og irriterar meg over at TV'en til roomien står på, som vanlig. Den er ALLTID på. Eg skal ikkje blande meg i at ho alltid ser på TV, hennar liv, men når du delar soverom kan du skru av når klokka har blitt 02.37! Grr...:P

Sjølv kom eg nett heim frå "dinner party" hos Sara og Jonathan. Jacopo, Paola og Giulia lagde italiensk mat til oss, NAM!! Såg meg rundt mens vi sat der og småspiste sjølv om vi var mette, og lo og kosa oss, og innsåg kor heldig eg er; så mange herlige folk rundt bordet som eg kallar vennane mine, god mat og god vin! Det er ein fin tirsdagskveld det! Som vanlig hadde vi det altfor kjekt og vart seine heim, men det gjer ikkje meg noko, eg har fri i morgon;) Eit TONN med lekse, men skal tilbringe såpass mange timar på tog og buss i helga at eg reknar med å få tatt igjen ein del :)
For eg skal på tur ja! Endelig har vi bestemt og booka! I morgon reiser vi med tog til Boston, Sara, Jenni, Chiara, Giorgia og eg. Der blir vi i to netter, før turen går vidare til New York City! :D Gler meg masseee!!

Og så må eg oppdatere sidan laurdag ja, hmm... laurdag var det fest hos Sara og Jonathan, som vanlig kjempekjekt! :D Ikkje noko spesielt å fortelle som eg kjem på, trøtt som eg er :)
Søndag vart det nok ein del sløving mesteparten av dagen, før eg for opp til Jenni og booka tog og buss til helga. Så middag, før nokre av oss for på kino! Inception på IMAX! Yeah, you know the word! Awesooome! :P

Mandag, labor day! Pool party hos Austin Powers! (Jepp, hans ekte navn!)
Det var sjølvsagt heilt supert! Masse kjekke folk, basseng, god stemning, øl, sol...kva meir kan ein be om? :) For ein liten tur ut etterpå, men måtte berre innsjå at vi ikkje orka meir og finne senga :) Så har vi komt til idag, som bestod av ein ganske hard dag med skule frå 08.45-16.05, og ein liten disco nap før tidligare nevnte middag :)

Har eg forresten nevnt at eg har fått meg ein son? Han heiter Federico og er frå Argentina..:P

Lovelove:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar