No sit eg ute i courtyarden på campus, ein liten "hage" (av asfalt og stein) mellom bygningar, med masse benkar og ei fontene. Eg elskar denne plassen, sit her nokre timar kvar dag! Men i dag er fyrste gongen eg faktisk er aleine her! Ein av tinga eg likar best med denne plassen er at det alltid er nokon eg kjenner her, sjølv om det av og til, som i dag tidlig, forstyrrer min plan om å site og lese;)
Kjapt samandrag av Boston og NYC tur!
+ mandag og i dag:)
Onsdag!
- Stresspakking sidan middagen på tirsdag utvikla seg til fest!
- Buss og taxi til togstasjonen, for å finne ut at toget er 40 min forsinka
- Vente på tog, og finne ut at det vart ein time forsinka
- TOG! Komfortabelt og heilt OK, sjølvsagt fekk vi seta utan vindauge:P Men men!
- Spiste cheeseburger frå restaurantvogna i toget. Nam? Næh:P
- Framme i Boston etter ca 6 timar
- Fann hostelet, overraskande bra! Gangen lukta våt hund, men mannen vi prata med var veldig hyggelig, og romet var finare enn mitt rom her;)
- Fann ut at hostelet vi skal bu på i NYC er i Harlem. Hjelpes.
- Ut på pub og spiste middag, nammenam!
- Smakte VELDIG god øl, Octoberfest! Ikkje drukke mykje anna sidan :)
- Sove
Torsdag
- Våkna heller lite utkvilt på mi ekstraseng med hjul og jernstang i ryggen
- Gikk "Freedom trail", ei raudmala linje gjennom Boston sine severdigheiter. Turistcrap.
- Begynte å bli kald når sola gikk ned, så måtte kjøpe meg nye jeans! (Hehe) Så har no supergode jeans frå American Eagle:P
- Såg CHEERS!!! :D Dvs baren som er forma etter den i serien, men likevel!! Hehe:P
- Shoppa litt
- Middag --> tilbake til hostelet --> sove
Fredag
- Eg og Sara holdt oss i området rundt hostelet, shoppa litt og tok livet med ro!
- Fann ein bruktbutikk, fekk meg trillekoffert, dressjakke og fiin ekte lærveske for 20 dollar!
- Tok bussen til NYC
- Etter eit par timar: punktert dekk på bussen! Bussjåføren sa nokon kom og fiksa det om 20 min. Etter ein og ein halv time kom nokon med nytt dekk, som ingen kunne å skifte. Etter enda lengre tid, kom nokon å fiksa det, trur vi var der i godt over to timar. Men, prata med nokre kule folk! :)
- Ringte hostelet i Harlem for å høre om det var OK at vi kom litt seint. Fann ut at vi ikkje hadde nokon reservasjon der, og det var fullt. Tok det meg godt mot, eg og Sara kunne i alle fall ikkje slutte å le:P
- Sida vi hadde prøvd å booke hostel på prøvde å fikse det for oss, og etter lang tid, når vi var omtrent framme i NYC, hadde dei funne eit hotel til oss. Til 800 dollar. JAJA! Vi slapp i alle fall å sove ute ;)
- Sjekka inn på hotellet, midt på Manhattan, suite! Sweet!
- Gikk ut på Times Square osv, nice nice! :)
- Var på italiensk restaurant, nammenam!
Laurdag
- Chiara, Giorgia og Jenni gikk på ny sightseeing tur, mens eg og Sara vandra rundt på Manhattan
- Fekk makeover på Saks Fifth Avenue:P
- I <3 NYC!
- Bestemte oss for å hoppe på ein sightseeing-buss. Glad vi gjorde det, behagelig å sitte på ein buss og sjå seg rundt! Såg Friheitsgudinna, så vidt:P Så den må eg sjå neste gong :) Mykje meir å sei, men har ikkje tid:P Men reis til NYC folkens!!!
- Møtte dei andre jentene, tilbake til hotellet for å skifte, ut og ete middag!
- Fann etterkvart ein liten restaurant i SoHo, kalt Lovely Day! Kjempekoselig plass, vi kom sjølvsagt seint som vanlig, og rakk akkurat å bestille før kjøkkenet stengte. Steikje gode thai mat ;)
- Ville ut og feste litt, men endte opp med å berre gå tilbake til hotellet og sove.
Søndag
- Eg og Sara gikk igjen for oss sjøl, hadde tenkt å hoppe på bussen igjen men droppa det pga regn. Så vi berre vandra rundt i den fantastiske byen:)
- Når regnet stoppa gjekk vi tur i Central Park! Såg lite av den, må tilbake!
- Utanfor bussen til Albany var det MYKJE meir folk enn det det var plass til i bussen, og sjølv om vi hadde billett måtte vi slåss for å kome med! Kom oss til slutt med, men var noko irritert over folk:P
- Sovna på bussen, våkna, las litt, plutselig Albany!
- Federico (Argentina) og Jonathan plukka oss opp på busstoppet, utveksla helga-historier, heim til Alumni, sovee!:)
- La meg tidlig, klar til lekse-gjentaking, etter to timar kom roomien heim og skrudde på TV'n, begynte å drage fram kasser frå under senga og diverse anna romstrering.
Mandag: TRØTT!
- Lese lekser til seinare idag
- Modern Art lecture
- lese meir
- American literary traditions
- fortsatt trøtt som ei strømpe
- møtte Sara og Argentina og åt middag
- Møtte (litt av) resten av gjengen på busstoppet
- For til baren der Jonathan jobbar
- Good times!
Tirsdag:
- Opp 7.30 sjølv om eg ikkje måtte! Flink!
- Frokost med Argentina
- Bort til Sara for å få skikkelig kaffi og lese
- Prata med Sara og Jonathan i staden for å lese
- Opp på campus, tenkte lese ved fontena. Møtte Argentina og May Dee. Lite lesing!
- Biblioteket! Lesing!
- Skulka ei forelesning for å rekke å lese alt til neste time
- Møtte Luis, Paola og David som drog med meg til lunsj i staden for lesing
- Biblioteket, ferdig med leseleksa (hihihihi) to min før timen:P
- Deltok stammande i diskusjon på halvgod engelsk (skummel lærar:P)
- Hengde med Sara
- Oppdaterte bloggen!
Alle som las alt får ti poeng!
Knuzekoz! k9z
10 points!! Lekkis :)
SvarSlettMen du...roe ned raua litt før du fe magesår eller?? Heise for et sosialt dyr du e... ;)
KÅ ELL Æ EMM!!
Tone
Ti poeng til meg også :D
SvarSlett/Meller