Fyrst oppdatering om resten av helga kanskje! Etter forrige innlegg reiste vi til nabobyen, Troy, for å gå på baseballkamp! Vi var ganske gira, og fikk oss baseballcaps og greier! Men herligalondon for ein kjedelig sport! Morsom å spele, ikkje fullt så morsomt å sjå på! Og dei amerikanske "supporterane" gjorde det ikkje så mykje bedre heller, dei sat berre og babla med kvarandre, åt junk og drakk øl. Dei fer visstnok mest på kamp for å vere sosiale... etter kampen var det fyrverkeri, som var kult nok, men det varte alt for lenge det også:P Og dei har jo fyrverkeri heile tida, det blir ikkje veldig spesielt lenger då akkurat.
Etter kampen var det tilbake til Sara og Jonathan si nye leiligheit for partyparty! Vi snakkar ekte collegefest, med blå og raude store plastglas med øl (og drinkar), beer pong og drikkeleikar! Spelte ein som ligna på Tangera, men ganske annleis, den skal lærast til dåkke der heime ;) Storkoste meg, god stemning! Eg dansa til og med litt! :o
Søndag sov eg til ett, og var i fin form når eg våkna! Awesome! Rekna med eg kom til å bli på rommet mitt den dagen, for ein gongs skyld, men for opp på uptown campus for "block party", alle studentklubbar og organisasjonar hadde stands. Mykje å velge mellom her, skreiv meg opp på interessert-liste for The Guild (social gaming club) og Albany Student Press :) Spørs om eg får tid til begge, men skal jo prøve :)
På kvelden spiste eg middag med Sara på plenen utfor bygget mitt, mens vi venta på film på storskjerm, ute! Tøft:) Vi var nære på å gå når vi fann ut at det var Eksorsisten, men bestemte oss for å prøve. Den var ikkje nær å være så skummel som eg hugsar den! Resten av gjengen dukka også opp etterkvart, veldig koselig måte å sjå film i lag :)
Idag sov eg alt for lenge, sidan eg ikkje hadde noko før i to tida. Fyrste faget var Modern Art. Det virkar spennande, men vanskelig! Så vi får sjå om eg fortsett. Har sju fag eg har tenkt å møte opp på og sjå korleis dei er, så eg må droppe to. Spørs litt om eg kjem inn på dei som egentlig er fulle (kan spør professoren om lov).
Så hengde eg med to av dei franske litt, før neste time! Det var American Literary Traditions! Dette faget trur eg eg kjem til å like! Professoren prata om kva vi skulle gjere, og eg vart skikkelig gira på å begynne å lese! Godt tegn :)
Møtte vennane i dining hall'en til eit av internata der oppe til middag, og der sat vi som vanlig ei stund :) Til dei kasta oss ut, faktisk:P Så hengde vi ei stund utafor, så heim:)
Der var min nye roomie! Jepp, er min fjerde no:P Den andre som faktisk har flytta inn på romet:P Ho virkar grei nok, ikkje prata så mykje med ho enda:)
Det er så utruleg varmt her, romet vårt er som ein ovn:/ Så wish me luck med sovinga i natt! Låg berre og makka i natt :P Men i morgon er det skule heile dagen så eg må berre få det til ;)
God natt!
E dokke 4 stk på romme, Stine? D va no voldsomt.... Tone :)
SvarSlettHehe, neinei! Vi er to...men i juni/juli fekk eg tildelt ein amerikansk romkamerat ved navn Ashley. Så etter et par dagar stod det plutslelig "Hang Ah" på døra, så eg hadde tydeligvis blitt tildelt ein ny. Ingen av disse har flytta inn:P Så prata eg med ein kar frå Sør-Korea, og han kjenner Hang Ah, og sa ho hadde ombestemt seg..så då tenkte eg, YES enerom! Men plutselig en dag var her ei jente, Chelsea! Men ho skulle egentlig ha enerom, så i forgårs fekk eg ei melding med ho om at ho hadde fått eget rom, og då flytta Nicole inn! Hehe, så sånn er det :P
SvarSlettHaha, røde plastglass og beer pong! Føler du at du er med i en film/tv-serie? Artig! Faen at jeg er blakk, ass (beklager sproget).
SvarSlettHaha, ja det er kjempemorsomt! Akkurat det samme, alt i hop! :D
SvarSlett