lørdag 28. august 2010

Dagen etter eg spelte beer pong for fyrste gong!

Igår sat vi! Det var omtrent alt. Hehe:P
Vi møttes til lunsj i 12-13 tida, fyrst var vi tre, og etterkvart dukka fleire og fleire opp, så vi vart sittande der til klokka var tre trur eg. Etter det gjekk vi til baseball-opplæring! Vi skal på baseballkamp i kveld, så då måtte sjølvsagt utlendingane få litt opplæring:) Eg anar fortsatt ikkje korleis ein får poeng, eller om dei kallar det poeng, og kven som vinn og slikt da! Men vi fekk prøve pitching (kasting), catching (store vanskelige hanskar!) og batting! Det var veldig artig, men eg suuuger i batting, traff den fyrste ballen og etter det var det berre latterlig dårlig :)
Det er så varmt her at eg ga meg på det etter det og satte meg på graset med dei ikkje-spelande jentene medan dei andre spelte ein kamp. Og der sat vi ei stund!
Eg og to til var ein tur på Target og kjøpte kleshengarar og slike spanande ting, før vi møtte resten av gjengen for å spise.
Var så vidt innom romet mitt før vi gjekk ut, og oppdaga at eg har fått meg roomie! Hadde dårlig tid, så eg fekk så vidt helst på ho før eg måtte springe igjen. Virka grei ho da! Stakkars, mi side av romet ser sjølvsagt ut som eit bombenedslag, sidan eg knapt har vore her, berre for å sove og skifte kle! Må skjerpe meg no :)

Var ute og åt, namnam fritert usunn mat sjølvsagt, tok eit par øl og såg litt på eit band som dukka opp, før vi tok turen til fest hos ei av dei franske jentene (namnet er ein plass i minnet, godt gøymd). Han eine som har bil kjørte to runder, og på den siste der eg var med, var vi fem personar i baksetet. Og politi, politisperringar og blålys både her og der! Haha, litt bekymra, men.. Ifølge sjåføren var det berre å sei at han heller ville ta overlast en at vi skulle køyre i fylla, så godtok dei det! Heldigvis vart vi aldri stoppa så vi slapp å finne det ut :)

Festen var typisk heimefest, god stemning og masse folk! Og eg spelte beer pong! Haha! Var sikker på eg kom til å være superdårlig til det, eg treffe ølglas på andre sida av bordet med ein bordtennisball? Yeah right! Det viste seg at eg faktisk ikkje var så verst, og team Norge/Brasil leda over Tyskland/Finland heilt til seieren var eit faktum:P Måtte sjølvsagt tømme i meg litt øl eg og da, men det er jo ikkje noko problem med amerikansk øl, smakar som vatn! :)

Tusla oss heim i to-tida, og vart møtt av blålys utanfor bygninga...veit fortsatt ikkje heilt kva som foregikk der, vi var for trøtte til å gå bort og spørre også:P

No må eg kvile meg litt før baseballkamp, etterfulgt av enda ein fest! Hurra! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar