torsdag 26. august 2010

Dagen etter dagen eg glømte å skrive blogg!

Det er tydeligvis ikkje lurt å droppe skrivinga ein dag, eg har jo glømt heilt kva som skjedde i går...:)
Åja, var ute på tirsdag! Fyrst var det exchange student welcome dinner på Jillians (pub/restaurant). Mat, bli-kjent leikar à la folkehøgskule og quiz! Etter det bestemte en liten gjeng seg for å gå vidare til ein annan pub! Vi sat på ein lounge-aktig pub ei stund, eigaren satte opp ekstra stolar for oss så vi fikk sitte ute og greier :) Så for vi vidare til neste pub. Måtte ta bussen, og så gikk vi i evigheiter etter den eine personen som visste kvar denne puben (som heitte "The Pub") var. Vi gikk og gikk og gikk. Så plutselig, midt i ei rolig gate, var der ein liten, stappfull pub! Masse folk og god stemning! Kosa oss med en dollars-øl og godt selskap før vi virra oss heim :)

Onsdag var det surring på campus fram til ca fire, så tok eg ein tur heim og slappa av litt før vi for på walking tour of downtown Albany! Vandra rundt i sentrum med guide, altså:) Guidane var internasjonale studentar som har vore her lenger enn oss da, så dei hadde jo ikkje så mykje peiling:P Menmen, vi fikk jo sett litt! Fine by:) Bilde orkar eg ikkje idag ;)

I dag forsov eg meg. Stilte inn alarmen på vekkerklokka i går, men glømte å skru den på..haha:P Men skulle ikkje noko, så det var jo greit :)
Mykje henging på campus i dag og, så for eg og fire til på shopping! Hurra :) Gjett kven som reiser til New York (jada, eg veit at det ikkje er NYC) og handlar nesten berre på Hennes og Mauritz? Joooda, meg det! Tehe:P
Men fekk meg også nye Converse-sko da <3 Jammen på tide, dei gamle er sju år gamle trur eg:P
Etter shopping var det candlelighting welcome ceremony. Det var typisk velkommen-talar, og så begynte dei på scena å tenne lys, og etterkvart hadde vi alle eit tent stearinlys i handa! Ganske stilig! :D Og fyrverkeri etterpå!! UiB og HVO (og sikkert alle andre norske uni/høgskular) kan lære litt av korleis dei startar året her! :D

Ein del surring fram og tilbake etter det, så for nokre av gutane og kjøpte pizza, som vi tok med oss i kjellaren til eit av internata! Kjempekos:D
Etter det skulle då eg og Frederico, som begge bur på downtown campus, kome oss heim... Jonathan skulle en annen plass med bil, så han skulle sette oss av på den veien der bussen går..trudde vi. Vi gjekk ut av bilen, såg oss rundt, og begge to i kor: "Where are we?!" Ingen aning. Midt på highway'en. Så vi gikk eit stykke i den retninga vi trudde det kanskje fans eit busskur...men vi gikk og gikk og der var ingenting. Så vi begynte å gå tilbake og bestilte ein taxi til der vi starta. Og vi venta. Og venta. Oooog venta. Ingen taxi. Frederico ringte, dei sa et par minutt. Og vi venta. Og venta. Ingen taxi. Til slutt ringte han eit nytt nummer, og dei sa maks 20 minutt. Då hadde vi allereie vore der i over ein time. Etter eit kvarters tid kom ein taxi, ikkje den vi hadde bestilt tydeligvis, men vi tok den sjølvsagt likevel! Endelig! Han kjørte ikkje eit minutt ein gong før vi såg inngangen til campus. HAHA! Om vi hadde gått i fem minutt (i riktig retning:P) hadde vi lett rukke bussen xD Måtte berre le av det, var heldigvis ein hyggelig fyr eg stranda saman med, så tida gikk ganske fort:)

Litt glad vi kom heim seint da; sjekka mailen no og såg denne meldinga:

"Good Evening Alumni Quad Residents,

At about 9:45 this evening the City of Albany Police Department (APD) was involved
in a foot chase of 3 non-students. According to the information available to us the
chase originated off-campus but ended with the three persons running onto Alumni
Quad where they were apprehended by APD on Quad grounds; one by Alden-Waterbury and
two by Brubacher. During the chase one of the persons involved did throw away a
firearm which did discharge a round when it struck the ground. No intentional
rounds were fired."

Hjelp. Skytevåpen er litt vel spennande syns eg. Trur eg hadde prøvd å flytte uptown om roma der var like store som her...men det er gale nok å dele rom slik det er, det er ALT for trangt der oppe...så satsar på det går bra:P
Var det litt dårlig gjort å dele den informasjonen kanskje? Sikkert berre kødd, mamma! Knallpistol! ;)

No sovnar eg! God natt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar