Reisa starta klokka 05.00 frå kjære storesystå sitt hus i Volda!
Snildaste mammaen min laga kaffi til meg, kasta i oss ei skive, før
ho kjørte meg til flyplassen på Hovden. Gira som eg var (og er) var
vi ganske tidleg ute, så ventinga starta og der :)
Frå Hovden var det fly til Oslo, Gardermoen, der eg venta ein del timar
på å få sjekke inn, og så venta litt til på flyet, som tok meg til Island!
Såg litt av Island før vi landa, fascinerande lanskap som må besøkast på neste reise!
På Island vart vi litt forseinka, men venta berre eit par timar der før flyet gjekk
vidare til New York! :D
Etter ein kortare enn eg trudde flytur landa vi på JFK klokka 20.00 lokal tid, dvs 02.00 heime-tid. Surra litt fram og tilbake før eg fann ut kva tog eg skulle ta, til Jamaica station som ikkje ligg langt frå hotellet. No hadde det allereie blitt bekmørkt ute, og Queens var meir som ein enorm og skummel storby! (Som det vel jo er ein del av, sjølv om det ikkje er Manhattan:))
Her vart det veldig skummelt, då eg ikkje såg noken av dei gule taxiane eg har fått beskjed om å ta, og savnet etter mamma og pappa vart plutselig veldig stort.
Eg bestemte meg for å stole på ein av dei veldig mange ikkje-gule taxisjåførane, og vart kjørt av ein svært hyggelig mann til hotellet, som roa meg ned med ei prategave av dei sjeldne om musikk og andre trygge ting. Han hadde forresten aldri hørt om Metallica! Makan.
Hotellet låg i ei (i alle fall for meg) ganske skummel gate, og berre det å gå over gata til Burger King var ganske skummelt! Men det gikk finfint, pysete meg :)
Ein medium meny på Burger King betyr ikkje det samme som i Noreg, og bøtta med brus eg fekk er fortsatt over 3/4 full. Haha! :)
På vei tilbake såg eg og ein lang, laaang kvit limo! Det var litt fascinerande, då den såg ganske så malplassert ut :P
Sovna etterkvart som ein stein, 24 timar etter eg sto opp!
Kor spennandeee:D tenke masse på dej å håpe du he de bra:) må være litt forsikti også mens du kosa dej veldi:p Klem frå lisjesystå ^^
SvarSlettVeldig spennande! Er heilt sikker på at det går bra! Mammaknuseklem!
SvarSlett