Etter middag igår var det shoppetur! Hurra!
Tenkte eg skulle finne meg telefon, og finne amerikansk ladar til PC'n min. Men fyrst og fremst var pute og andre sengkle ei prioritet! So då bar turen til WalMart, som er så stort at dei har eit eige hus for det, som ein må ta shuttle frå kjøpesenteret for å kome til..haha! Så etter det var plutselig klokka blitt masse og det var tid for å reise heim. Så her er eg igjen på biblioteket uten eigen PC!
Egentlig var det vel ikkje så seint, men klokka åtte på kvelden er det heilt bekmørkt her! Litt forvirrande, det er jo sommar :P Ikkje så varmt som eg trudde det skulle ver da, men eg har det varmt og godt i t-skjorte, medan italienarane og asiatane går med sjal og jakke og frys...haha:P
Og på bussen heim sat der ein amerikansk mann bak meg på bussen som begynte å prate med meg (definitely not i Norway anymore!!) og han sa, ein AMERIKANSK mann, "You say you're from Norway? I can't hear an accent!" !!! DET var kjekt det! :D
Idag var det opp tidlig som vanlig, orienteringsassistentane banka på dører og masa etter kvar alle var. Hallodaliksom! Begynner å bli litt lei av å bli behandla som eg er på barnehagetur:P Men, men, dei er vel berre bekymra for oss :P
Etter frokost var vi på omvisning på campus...ikkje veldig givande, alt ser fortsatt likt ut, og om eg snur meg er eg lost igjen... planlegge god tid til timar trur eg :D
Møtte ei ny jente ved frokost også, frå Nederland! Eg vart litt overraska av meg sjølv som berre plutselig spurte jenta som tilfeldigvis sat ved sidan av meg om ho ville vere med og finne bokhandelen...har vel komt fram til at dei fleste er like nervøse og ute etter å møte folk som meg! Så ho skal eg møte igjen til lunsj :)
Kjekt å faktisk måtte bli kjent med folk i edru tilstand, i motsetning til fadderveka i Noreg; sit her og bli fulle ilag! Hehe :) Føles meir ekte på ein måte, trur eg..eller noko slikt :) Idag skal vi ut og spise da, exchange student welcome dinner på ein pub, det blir bra! :)
No er det lunsj, more to come :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar