Dag 4 vart ein laaang dag! Sto opp klokka åtte, fann ut kva buss eg skulle ta, og fann veien til dorm'en min! Der vart eg møtt av ein veldig hyggelig gjeng som sjekka meg inn på rommet mitt! Det er ganske gamalt og slitt, men vi har god golvplass mellom oss og god oppbevaringsplass, så eg trur nok det skal gå heilt fint! :D
Roomien har ikkje kome enda, ho er amerikans så ho kjem vel fyrst på onsdag trur eg, det blir spanande!! :P
Pakka litt ut, registrerte meg til international orientation, så vandra eg litt rundt i Albany. Fortsatt ikkje kome meg heilt til sentrum, trur eg:P Mykje bolighus her, og mykje restaurantar (eller matsjapper..subway er vel ikkje heilt ein restaurant). Surra litt rundt, litt lost utan PC og telefon :P Så møtte eg og ca 15 andre internasjonale studentar opp utanfor for å reise opp til hovudcampus og ete middag (eg bur ca fem minutt unna det). Utanfor møtte eg ei italiensk og ei japansk jente som eg hengte litt med, og fire tre italienske jenter til når vi åt middag! Artiiig :D Maten var ganske bra, ikkje den sunnaste men den smakte i alle fall godt! :D
Etter middag var det bli kjent aktivitetar, som var akkurat slik ein mistenker det for å vere..masse folk i ein sirkel, delt opp i grupper som presenterte seg... der møtte eg ein frå Brasil, to frå Sør-Korea og to frå Japan!
Har etterkvart helst på ein god del folk! Veldig mange internasjonale studentar er frå Asia, og eg har klart å uttale ein del navn, men hugsar svært få! Trur eg har navnet til ho eg har hengt med i to dagar no inne, men eg er ikkje sikker så eg tør ikkje sei det høgt xD
Etter bli-kjent var det nedatt til dorm'en, og eg gjekk rett å la meg.. har ikkje klokke så er usikker, men trur ikkje klokka var meir enn maks ni...haha:P
Dermed vakna eg også tidleg da, så eg rakk å dusje før dei kom og banka på døra mi kvart over sju...hurra! Od dermed har vi komt til...
Dag 4!
Frokost kvart på åtte, surre litt, enda fleire nye vener frå Kina, Japan og Sør-Korea! Så meir orientering. Oh. My. GOD. Kjedeliiiig! Dei prata og prata og prata :P
Vi går rundt med skilt rundt halsen, der det står navn, studie og land. Etter lunsj gikk eg forbi ein fyr og såg Norway! Wohoo! Var det eg visste her var ein til frå UiB :) Prata litt med han, og ei frå Tyskland, og så møtte eg to frå Finland, og seinare ein svenske! Og enda ein italienar! Eg veit kanskje fire navn til saman. Heheh.
Etter all orienteringa møtte eg min akademiske rådgjevar, og fann ut korleis eg kan ta computer science fag som ikkje er på nub-nivå, og at eg ellers har alt på stell. Hurra hurra! Så fekk eg meg SUNY-card, som studentbevis berre mykje kjekkare enn dei vi har heime! Kan f.eks. bruke det til å reise gratis på bussen. Tøft! :)
Og så fann eg meg ein PC på biblioteket, og her er eg no ;) Held på å svelte i hjel, heldigvis er det middag om ein halvtime. Etter det skal vi på shopping, wee!
Trur eg må få meg ein amerikansk telefon NUH, for no er alle mine nye vener borte vekk og eg anar ikkje korleis eg skal finne dei:P Som sagt, campus er svært:P
Men, men, då vart det jo blogg-oppdatering da! :D
Eg trur egentlig at det var mykje meir eg skulle skrive om, men...det er så mykje at det blir litt grautete i stakkars hjerna mi xD
Men, mange flotte folk, mykje kjekt som skal skje, generelt mykje, og eg er sliten men veldig glad og fornøgd :D
Happyhejdåsolenge!
(Savna dåkke å e gla i dåkke, forresten :P )
Kjempekjekt:)))) Savna dej vi mæ! Gla i dej :)
SvarSlett