ville eg helst berre kome meg til hotellet så eg drista
meg ikkje ut på Manhattan i denne omgang ;)
Tok toget til Penn station, som var noko av det eg var
mest bekymra for..utan grunn, gjekk så fint atte :)
Fann billett til Albany, venta ein og ein halv time,
og fann toget utan problem :)
Har reist svært lite med tog før, det var jo kjempebehagelig :)
Tok litt bilder og:
Gira og udusja Stine på toget:P

Landskap da vettu:P

Og meir landskap! Såg egentlig mykje sånn ut heile veien..
berre færre hus:P
Folk er så hyggelige her! Hadde ingen planar om å prøve å
løfte min ultratunge koffert opp i hyllene over seta, så
prøvde å stappe den innimellom der eg skulle sitte. Då kom
det ei dame og lurte på om eg trengte hjelp. Eg sa eg trudde
ikkje det var mulig å løfte den, og straks kom der ein mann og
"I'll take that!" og løfta den opp! Tok den ned gjorde han og,
sjølv om det tydeligvis ikkje var lett, "That's a lot of stuff!!"
sa han...hihi...og ei anna dame som sat der kom bort til meg
på perrongen og fortalte kvar heisa var, for det kom nok
til å bli for tungt for meg å gå opp trappa:)
Og så når eg kom ut av stasjonen spurte ei dame korleis turen var,
heilt plutselig! Eg kika bak meg, "yes, I'm talking to you.." :P
Berre slår av ein prat med framande folk vi, flott det!! :D
Trur ikkje eg likar å være innadvendt nordmann, eg!;)
Framme i Albany tok eg taxi med ei anna kjempehyggelig pratsom
dame, og kom fram til hotellet. Utruleg deilig med eit reint og
godt-luktande hotell! Fekk instruksjonar frå mannen i resepsjonen
om korleis eg skulle kome meg til Radio Shack og finne meg adapter.
Han virka litt bekymra over å sende meg avgårde med buss xD
Men her stoppar dei på alle stopp, og annonserer namnet på stoppet
på høgtalarane, så det var jo null problem!
Og vips: kjøpesenteeer!!
"Der vil eg inn! Der vil eg inn!" sa shoppedelen av hjerna, men
den fornuftige delen sa "Nei, Radio Shack -> adapter -> hotellet og
fortelle mamma at du lever!" :)
Klarte likevel å bruke litt tid da, vart huka av ein spørre-
undersøkelse-mann (menneskelig kontakt, hurra!) og var med han
og smakte på yoghurt! Hihi:) Han og kollegaen var kjempekoselige,
og syns det var veldig fascinerande at eg var norsk trur ej:)
"She's from Norway! She just got to America!"
"I don't care when she got here, she's Norwegian, she can go anywhere she wants!"
eller noko i den dur. Hehe.
Han eine hadde sett Død snø i går. Han syns det var veldig gøy at eg
identifiserte den som norsk med ein gong han sa "Dead Snow" :)
Og når eg skulle gå, så lurte dei på om eg ville ha jobb! Hihi, veit kvar eg skal gå
om eg finn ut at eg får lov til å jobbe i alle fall :)
Når eg skulle tilbake klarte eg å gå på feil buss da..bussjåføren hadde ikkje mykje peiling trur eg:P Men forstod det sånn at den gikk til SUNY Campus, og det ligg rett over gata så då tenkte eg at eg måtte vel finne fram. Lol. Feil!
Campus er enormt! Eg kjente meg ikkje igjen, så tenkte det måtte være på andre sida. Så eg begynte å gå. Og eg gikk og gikk og gikk....og plutselig var det folketomt, med ei universitetsbygning her og der, men mest skog. Svær overgjengrodd skog. Med skrekkfilmlydar. Visste jo at eg måtte finne fram til slutt, sidan campus har fire høge bygningar, og eg ser minst to av dei frå hotellet. Men det begynte akkurat å bli
vel spennande, då eg heldigvis kjente meg igjen :)
Inn på hotellet, helse på koselige resepsjonsdama og låne internettkabel, teste adapter, lys på laptopen --> HURRA! :D
No skal eg sjå om eg klarer finne ut korleis eg skal kome meg til der eg skal bu, flytte inn i morgon! :D
Så skal eg kjøpe meg ei brus og sjå på HBO! Hihi:)
Ser det blir fryktelig lange innlegg på meg, med alle inntrykka:P
Men, men, den som gidd får lese! Eg må få det ut! ;)
Nattinatt, heimegutar og -jenter! :)
Ooouh, kjempekjekt å høre korleis du FAKTISK he det... E veldig enkelt å berre seie "ej he det bra, ej leve, ej fann hotellet, ej he prata med kjekke folk..blablabla..." Men tankane rundt det, DIN opplevelse...Ahh, ej digga slike FRIE blogga, og ikkje A4 blogga som fortelle om kor knirkefritt livet deira e, og lignande.
SvarSlettSka prøve å holde mej oppdatert på korleis du he det ;)
Stooor klem frå "lisjesysta" i Volda :)
Tusen takk Elisabeth! Det va en kjekke kommentar! :D
SvarSlettEj føle ej berre babla i vei ej, hehe:P
Stooor klem tilbake ;)
Enig, artig å lese! Jeg angrer på at jeg aldri dro på utveksling, men jeg er jo så treig av meg, så det ble aldri. Hadde sikkert dødd litt av skrekk også.
SvarSletthøres kjempespennande ut, ej e veeldi misunneli!! :) å gleda mej ekstra masse til ej ska på utveksling 3.semester:D savna dej her heime da, sjekka stadig skype'en for å sjå om du e online:p
SvarSlettHi hi! Skriv meeeeiiir!! Herlig lesning, Stine =)
SvarSlettSer ut til at det første ej skal gjer når ej kjeme på jobb dei neste månedane e å sjekke bloggen din! Spennande å høyre ka som gjer inntrykk på dej.
Kose dej, gler mej til neste innlegg!
Anlaug: hehe, eg holdt på å dø av skrekk eit par gongar! Men det har allereie gått over, så det hadde nok gått heilt fint! :)
SvarSlettTrude: BRA at du he bestemt dej for utveksling! Det e KONGE! Artig å sjå uttrykket i ansiktet på ein koreanar når du gløyme dej og snakka norsk..hihixD Savna dej me!! Ska fikse mej Skype igjen so fort ej klare :)
Tone: Jammen ej he no det so kjeeeekt, hekje tida!! Hihi :D Men det e veldig kjekt å høyre! Sjølv om ej skrive like mykje for min egen del e det veldig kjekt at folk e interessert i å lese :) Skal prøve å være flinke å oppdatere :)